God jul, og takk for i år!

Forfattersentrum tar snart juleferie. Vi er tilbake på kontora 2. januar.

Vi takkar forfattarane for bøkene de skriv og formidlar, og det lesande publikummet, oppdragsgivarar og andre samarbeidspartnarar for at de har vore med på å gjere 2019 til nok eit rekordår for Norsk Forfattersentrum. I år har medlemmene våre for første gong fått utbetalt over 40 millionar kroner i honorar. Vi ønsker alle ei riktig god jul, og gler oss til å samarbeide vidare i 2020!

Er det noko som hastar i perioden kontora våre er stengde, kan de kontakte dagleg leiar, Ingvild Christine Herzog, på tlf. 98 08 08 00.

Smakebitar frå Forfattersentrums 2019-album:

Gunnhild Øyehaug i samtale med årets litterære stjerneskudd frå Tromsø, Bragepris-nominerte Mari Andreassen under Ordkalotten i Tromsø i november. Foto: Ordkalotten.
Rune F. Hjemås og Ragnar Hovland på hagefest i Adrianstua i Trondheim i august. Hovland var årets æresgjest og Hjemås bur for tida i kunstnarbustaden. Foto: Siri Aurland Bredesen
Brit Bildøen var årets festspeldiktar på Dei Litterære Festspela i Bergen. Foto: Eva Lene Gilje Østensen
Fakta om fiksjon i Kristiansand: Forfattersentrums Irene Gressli Haugen intervjua forfattar Birger Emanuelsen og psykolog Mogens Albæk om kva frykt gjer med oss med utgangspunkt i Emanuelsens roman Jeg skal beskytte deg (2019).
Med støtte frå Bokåret 2019 arrangerte Forfattersentrum i år "Finn din sjanger!"-arrangement over heile landet. Her møter Zeshan Shakar og Demian Vitanza insette i Bredtveit fengsel. Foto: Bredtveit fengsel.

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.