Gameren med respekt for dei lange tankeprossessane

Årsmøtet til Den norske Forfatterforening (DnF) valde i helga Bjørn Vatne som ny leiar. Vi ringte Vatne før årsmøtet for å bli betre kjent med ålesundaren som skal styre DnF-skuta framover.

Bjørn Vatne fekk smake på koket som ventar dersom han blir vald til ny DnF-leiar då han deltok i Debatten på NRK. Foto: Skjermbilde frå Debatten på NRK1.

Ei mogleg samanslåing med Forfatterforbundet, er berre éi av fleire betente saker Bjørn Vatne må ta ansvaret for dersom han blir vald til ny leiar i DnF. Ser Vatne dette som ein gylden moglegheit til å samle litteraturfeltet, eller er det ein krigshissig sunnmøring som stiller til val?

Mot slutten av saka får du svaret på dette og fleire andre litteraturpolitiske spørsmål, men la oss først bli litt betre kjent med forfattaren bak romanane Slik skal vi velge våre ofre (2015), Nullingen av Paul Abel (2018), Død og oppstandelse (2020) og Underliv (2022).

Geografi 1

Heimbyen til Bjørn Vatne, Ålesund, sett frå fjellet Aksla. Foto: Jarand K. Løkeland on Unsplash

– I Norsk Forfattersentrum er vi opptatt av geografi, og å legge til rette for at litteratur skal skapast i heile landet. Kan du fortelje litt om litteraturmiljøa der du har budd?

– Eg er fødd i Ålesund, og bur i Ålesund, og har ellers berre budd i Bergen. Eg pendla også til Tromsø då eg gjekk på forfattarstudiet der. Litteraturmiljøet i Ålesund er veldig lite. Det finst sjølvsagt, men vi er berre nokre få sjeler. Men, no har jo byen fått ein veldig lovande litteraturfestival! Ålesund er også i ferd med å bli ein kulturby på andre område. Vi er ikkje lenger berre ein by for heterofile, mannlege sivilingeniørar, som Erling Fossen ein gong stempla oss som.

Bergen er kjent for å ha fleire store litteraturmiljø, men på den tida Bjørn Vatne traska omkring i Bjørgvins gater, var han mest opptatt av musikk. Blant anna jobba han på konsertstaden Hulen:

– Ein dag dukka det opp ein merkeleg gjeng som skulle arrangere ein serie litteraturarrangement. Det var Lars Ramslie som var ansvarleg. Eg syntes først det heile var litt framandt, men blei likevel ståande og høyre på dei med fascinasjon. Du skal ikkje sjå bort frå at det vart sådd eit frø dei kveldane.

Scenevant formidlar

Bjørn Vatne les opp på Æ Å Trondheim litteraturfestival i 2019. Foto: Leikny Havik

Det viser seg at det ikkje er tilfeldig at eit minne frå eit litteraturarrangement dukkar opp så tidleg i intervjuet. Vatne var sjølv arrangør av litteraturarrangement i åra før han vart forfattar, og er i dag ein scenevant formidlar av eigne og andre sine bøker:

– Eg har var vore heldig og blitt invitert til å gjere ting heilt frå starten. Det handlar nok litt om at eg var arrangør før eg debuterte. Eg hadde noko som eg kalla «Ålesund litterære salong» der eg inviterte forfattarar hit i mangel av eit litterært miljø. Slike tiltak gjer at du blir hugsa, og folk veit at du er i stand til å stå på ei scene. Det er absolutt eit godt tips til andre forfattarar, men du må gjere det for fellesskapet og litteraturen si skuld, ikkje for å bygge nettverk og karriere. I så fall blir du fort skuffa.

Vatne har hatt fleire ulike sideprosjekt nært knytt til forfattarskapet. Under pandemien laga han podkast om uaktuelle bøker, og han har også kjøpt livshistoriene til folk. Det siste prosjektet sprang ut av kunstnarfellesskapet Agregat i Ålesund, forklarar han:

– Vi er ein gjeng forfattarar, musikarar og bildekunstnarar som har laga eit prøverom vi kallar Mottaket, og det var her det heile gjekk føre seg.

Vatne hengte opp plakatar om at han ville kjøpe livshistoriene til folk. I to veker høyrde han på kva tilfeldige forbipasserande hadde å fortelje, før han betalte dei for å overta historia deira. Prosjektet blei til ei sjølvpublisert e-bok med tittelen Liv jeg har kjøpt, som han skreiv ned i løpet av dei to vekene han satt i «brukthandelen».

Forfattarportrettet til Bjørn Vatne. Foto: Julie Pike for Gyldendal

– Eg hadde ikkje tenkt godt nok gjennom det, konstaterer Bjørn Vatne no. – Det kom folk som fortalde historier dei ikkje hadde fortald til nokon andre. Eg er jo ikkje psykolog, og var ikkje rusta til å gi folk den responsen dei nok trengte. Men prosjektet viser i alle fall at folk har veldig stor tiltru til litteraturen!

Også i skrivande stund held Vatne på med eit tverrfagleg sideprosjekt. Saman med bildekunstnar, Simon Wågsholm, har han laga ein grafisk manual for kunstnarar i den kunstige intelligensens tidsalder. Han meiner forfattarar har mykje å lære av andre kunstnarar når det kjem til formidling:

– Dei er ofte litt tøffare, og har skjønt at du må ut og formidle, medan litteraturen jo gjerne blir produsert i det stille og oftast konsumert individuelt.

Samtidig har kravet om å skulle formidle, også ei bakside, understrekar han:

– Sjå på musikarane. Dei er tvunge til å utelukkande leve av formidlingsinntekter. Det er ikkje utenkeleg at vi kjem til å ende der som forfattarar også. Eg fryktar forlaga kan komme til å prioritere forfattarar som klarar seg bra på scenen.

Geografi 2

– Som sagt er vi i Norsk Forfattersentrum ekstremt opptatt av geografi. Vi må snakke litt meir om det å halde til i Ålesund. Korleis har du tenkt å løyse den lange reisevegen dersom du blir vald til leiar i DnF?

– Det blir vekependling til Oslo nokre dagar i veka, og elles heimekontor. Eg synest det er eit fint signal til resten av kunstnar-Norge at ein stor organisasjon kan verte leia frå distriktet.

– Er det perspektiv på det litterære livet du tenker at du har som Oslo-baserte styremedlemmer i kunstnarorganisasjonane ikkje har?

– Det er i alle fall to heilt ulike ting å vere kunstnar i Oslo og i distriktet, men det som er klart for meg, er at ein ikkje vere nær forlag og bransjen. Det ein derimot gjerne manglar, er ein god gjeng rundt seg. Gjerne andre kunstnarar som får til ting der du bur. Det veit eg at mange andre også saknar. Det kan sjølvsagt også vere vanskelegare å få oppdrag.

«Full mann»-metoden

Bjørn Vatne som rykande fersk debutant på Litterær hagefest i Adrianstua i Trondheim i 2015. Foto: Unni Torgersen, Norsk Forfattersentrum

Bjørn Vatne debuterte som 39-åring i 2015. Før det hadde han jobba mange år som journalist. Han har også jobba eit år i reklamebyrå.

– Men det der var ikkje for meg. Samtidig var det fascinerande å få sett den bransjen frå innsida!

– Klarar vi å oppsummere dei viktigaste trekka i forfattarskapet ditt litt kjapt?

– Eg trur det er lettare å seie noko om metode: Eg har lagt meg til ein vane der eg prøver å jobbe minst mogleg lukka, og tenke minst mogleg på korleis resultatet skal bli. I den førre romanen min var plutseleg kommunesamanslåing ein viktig del av teksten, utan at eg var så veldig interessert i det i utgangspunktet. Eg kallar det «Full mann»-metoden. Eg skriv om det eg finn i lommene dagen derpå.

– Det var litt overraskande. Romanane dine er jo heile og godt strukturerte forteljingar, ofte om tydelege emne henta frå samtida eller framtida?

– Ja, altså, teksten må alltid gjennom ein reperasjonsprosess etterpå.

Sjokkavsløring

Pocket-utgåva av Bjørn Vatnes ferskaste roman, Underliv (Gyldendal, 2022).

I romanane sine skriv Vatne blant anna om tilsynelatande streite fedre som også er digitale troll, eller importerer sexleiker.

– Driv du med bigeskjeftar eller fritidsaktivitetar medlemmene i DnF bør vite om før dei stemmer på deg?

– Haha, før var det jo musikken, men den hylla i livet mitt har skrivinga tatt over. Eg er mykje ute i naturen og likar å padle.

Så er det som om Bjørn Vatne tar sats.

– Okei, då, eg skal kome med ei sjokkavsløring: Eg er totalt uinteressert i fotball. Og eg elskar å game. Eg vaks opp med Commodore 64 og er nok den beste gameren blant norske forfattarar.

– Ai, ai, ai, no må du passe deg. Det er nokre fleire der ute …

– Kanskje vi kan lage det norske forfattarlandslaget i gaming!

Om stipend

– Du har fått fleire prisar, blant anna Bokbloggerprisen og Stig Sæterbakkens minnepris, men har du fått stipend frå Det litterære råd? Og kva betydde det i så fall for skrivinga di?

– Eg har fått Statens kunstnarstipend. Og det har betydd alt! Utan stipend hadde eg aldri tatt den risikoen eg har tatt. Både kunstnarisk, men også når det kjem til å skrive på heiltid. Eit stipend er også litt som den no nedlagde gaveforsterkingsordninga: På grunn av arrangement og oppdrag eg får fordi eg tørr å ta sjansar og kan seie ja til det eg blir spurd om, tener eg dobbelt så mykje som det eg får i stipend på å ha stipend. Ved å kunne vere forfattar på heiltid signaliserer eg til verda at det er dette eg gjer: Eg er forfattar, og eg har tid til å stille opp og prøver gjerne ut nye ting.

– Med det har vi umerkeleg komme fram til det politiske ved vervet du ønsker å ta på deg. Klarar du å forklare på ein enkel måte kva konflikten mellom DnF og Forfatterforbundet går ut på når det kjem til Statens kunstnarstipend?

– Dette er jo ikkje først og fremst ein konflikt mellom DnF og Forfatterforbundet. Det vi har spelt inn til politiske myndigheiter, gjeld alle kunstnarorganisasjonane, men det er DnF som har stått aleine i striden. Vi meiner at det førande prinsippet for tildeling av stipend skal vere kvalitet, og at det er fagfeller som skal avgjere kva som er litterær kvalitet. Spørsmålet blir då kva ein fagfelle er, og det er på det punktet det har blitt tatt til orde for ei oppmjuking ved at Stortinget meiner at fleire organisasjonar skal få vere med å avgjere kunstnarstipenda. Det sit mange kvalifiserte forfattarar i Forfatterforbundet, men vi meiner at det bør vere ein organisasjon med opptakskrav som fordeler kunstnarstipenda.

– Har du framleis håp om at Det litterære råd vil ha eineansvar for å dele ut Statens kunstnarstipend i framtida?

– Vi ventar på ei spesifisering av forskrifta frå Stortinget. Spørsmålet er kva som skal til for at ein organisasjon er representativ.

– Korleis ønsker du at ein eventuell ny komité for tildeling av Statens kunstnarstipend skal sjå ut og arbeide?

– Det er ikkje opp til oss, men vi vil gjere det vi kan for at alle som er der skal jobbe ut frå eitt kriterium aleine: Kvalitet.

Om opptakskrav

Medan Forfatterforbundet har som krav at du har gitt ut eit litterært verk for å bli medlem, må du ha «skrevet og offentliggjort bøker, hvorav minst en bok av litterær kvalitet» for å bli medlem i Den norske Forfatterforening. Noverande leiar i DnF, Brynjulf Jung Tjønn, har tatt til orde for at DnF bør lette på dette opptakskravet.

– Støttar du Brynjulf Jung Tjønn sitt forslag om å sleppe debutantar inn i DnF?

Ja, absolutt! Dette skal jo behandlast av årsmøtet, og styret si anbefaling er at vi kalibrerer inntakskrava til å kreve éi bok av høg litterær kvalitet. Det er mange debutantar som viser allereie frå første bok at dei verkeleg er forfattarar.

Om gratisarbeid

Norsk Forfattersentrum er grunnlagt for å skaffe forfattarar oppdrag, og sikre forfattarane honorar for oppdraga. Ei av dei store utfordringane vi balar med i dag, er gratisarbeid i bokbransjen. Er det greit at forfattarar må jobbe gratis for forlag som marknadsføring, for eksempel på forlagseigde festivalar? Og vil DnF under di leiing kunne gå med på ein normalkontrakt der forlaget har rett til å forvente gratis marknadsføringsarbeid frå forfattaren?

– Vi ønsker ikkje at det skal vere forventa at forfattarar stiller gratis for forlaga, det er ein ukultur. Sjølvsagt kan ein vere samarbeidsvillig og stille gratis på lanseringsarrangement og pressekonferanse, men gjer ein arbeid ut over det, bør ein forvente å få betalt. Heldigvis har eg merka ein stor forskjell berre i løpet av dei åra eg har vore forfattar, takka vere Forfattersentrum!

Om normalkontrakten

Gjennom heile 2023 har Den norske Forfatterforening, Forfatterforbundet og NBU forhandla med Den norske Forleggerforening om ny normalkontrakt for skjønnlitterære utgivingar. I media kunne vi før jul lese om brot i forhandlingane. Bjørn Vatne stadfestar at saka står stille, medan partane ventar på utnemning av eit tvisteutval.

– Kva punkt er det partane er mest ueinige om?

– Det er særleg heftefrådraget det er strid om, og utrekninga av royalty i friprisperioden.

Heftefrådraget er 15 prosent av utsalsprisen til boka som blir trekt frå før ein så reknar ut royaltyen til forfattaren. Forfattarorganisasjonane meiner heftefrådaget heng igjen frå ei tid då det verkeleg var dyrt å trykke og binde bøker, og derfor høyrer fortida til.

– Er Forfatterforbundet og DnF einige om krava i forhandlingane?

– Ja, der forhandlar vi som éin front!

Om mulig samanslåing med Forfatterforbundet

Toril Brekke, Eystein Hanssen, Anne Holt, Fredrik Solvang, Anne Oterholm og Bjørn Vatne i Debatten på NRK 1 13. februar. Foto: Skjermbilde frå Debatten.

Forfatterforbundet vart stifta i 2018, og sidan har det stadig dukka opp nye saker i media der forbund og forening er ueinige. Første store konflikt handla om bibliotekvederlaget som kompenserer forfattarar og andre opphavarar for bortfall av inntekter knytt til utlån i biblioteka. Forfatterforbundet kravde, og fekk til slutt tildelt, ein del av potten som går til opphavarar av skjønnlitterære verk.

Sett frå utsida toppa det heile seg likevel først då kronikken «Framtida til norsk litteratur står på spel» stod på trykk i VG 22. januar i år. Kronikken var signert ei rekke kjente DnF-medlemmer. Leiaren for Forfattarbundet, Eystein Hanssen, svarte dagen etter i samme avis med å hevde at desse forfattarane «faller sine egne i ryggen». Etter dette hamna debatten om tildeling av Statens kunstnarstipend – som saka først og fremst handla om – både på Dagsnytt18 og i Debatten på NRK der dei to forfattarorganisasjonane såg ut til å stå langt frå kvarandre. Mange vart derfor overraska då Klassekampen 16. februar intervjua Helga Flatland som saman med ei rekke andre DnF-medlemmer, ber DnF-årsmøtet om å vedta følgande setning: «Den norske Forfatterforening starter samtaler med Forfatterforbundet om en mulig sammenslåing av de to foreningene».

– Har styret bestemt seg for korleis dei skal stille seg til forslaget om samanslåing som skal opp på årsmøtet, Bjørn Vatne?

– Ja, styret går inn for forslaget med ei justering i ordlyden. Vi ønsker å starte sonderingar for å sjå om premissa for ei mogleg samanslåing med Forfatterforbundet er til stade, før resultatet av sonderingane går til avstemming blant medlemmene under årsmøtet 2025.

Vatne kjem ikkje til å trekke seg uansett utfall av røystinga, lovar han.

– Min jobb blir å følge årsmøtefleirtalet.

– Er ei samanslåing i det heile tatt mogleg etter dei harde kampane mellom dei to foreningane dei siste åra?

– Ja, vi er vaksne menneske på begge kantar, så det er sjølvsagt mogleg dersom premissane er til stades. Men det må vere ein gevinst for alle partar. Det er viktig at ingen går inn i eit eventuelt samarbeid med mål om å «vinne». Det vil berre ende med splid igjen seinare. Vi må i så fall sette oss ned og vurderer kva vi i felleskap kan oppnå for forfattarar i Norge.

På spørsmål om kva Bjørn Vatne meiner om eit mogleg samarbeid mellom Forfatterforbundet og NFFO, som også er oppe til diskusjon i dei to organisasjonane, får han endeleg servere sin første «Ingen kommentar».

Om framtida

Illustrasjon frå omslaget til romanen "Død og oppstandelse" av Bjørn Vatne (Gyldendal, 2000). Omslagsdesing: Rune Mortensen

Vi avsluttar samtalen med å sjå inn i framtida.

– Sjå for deg at spørsmålet om kunstnarstipenda er avgjort, ny normalkontrakt er signert, og det er også bestemt kva forfattarorganisasjonar som skal slå seg saman, samlast under paraplyar eller halde fram aleine. Kva saker vil du då ta tak i?

– Det er to andre viktige saker vi må jobbe for som ikkje er nemnde. Det eine er sosiale rettigheiter for kunstnarar – dei skal vere på likt nivå som resten av befolkninga –, og så er det kunstig intelligens. No har vi fått til eit appendiks til normalkontrakten om KI, men dette blir noko vi må arbeide meir med. For kvar dag blir eg meir sikker på at innføringa av kunstig intelligens i samfunnet vil vere sivilisasjonsendrande. Kunstnarane sin status vil bli forandra. Og då er vi tilbake ved dette med kva ein kunstnar er. Korleis kan vi skilje kunst frå noko som berre er generert raskt og kjapt for like kjapt konsum? Berre for nokre dagar sidan tenkte eg at maskinene aldri vil kunne skrive ei bok, så kom den nye videomodelleringstensta til OpenAI. Kvifor skal ikkje litteraturen bli tatt igjen på same måte? Eg hatar eigentleg teknologipessimisme, men snart kan du nok kjøpe deg ei bok med deg sjølv som hovudperson i ein forrykande erotisk Western.

– Den største utfordringa er likevel verken KI eller rammevilkår, men kampen om folk si merksemd, avsluttar Bjørn Vatne. – Korleis skal vi oppretthalde forståinga for lesing og skriving som ein måte å tenke på? Oppretthalde respekten for dei lange tankeprosessane, og det å kunne stable eit skikkeleg argument på beina. Og kven skal vi eigentleg kjempe mot? Må kvar enkelt løyse det for seg? Det er i alle fall lov å håpe på at mange samtidig oppdagar at vi er i ferd med å miste oss sjølv litt, og at det å lese bøker er medisin mot veldig mykje av det vi slit med: Manglande læring, dårleg konsentrasjon osv. Vi må ikkje gløyme at lesinga er den aller beste motgifta mot dette!

Medlemmer som er nemnde i denne saka

Fleire nyheiter

Sjå alle nyheitene