Kunstnerundersøkelsen 2019 er utført av Telemarksforsking for Kulturdirektoratet. Eit hovudfunn i undersøkinga er at kunstnarar må bruke stadig meir tid på anna arbeid enn den reint kunstnariske verksemda. Det kjem også fram at vi har få fulltidsforfattarar i landet vårt, og at dei få vi har, ofte tener svært lite.
– Og dette er altså i 2019, før pandemi, straumkrise, stadige rentehevingar og inflasjon, understreker Herzog.
Bruker tida si på anna arbeid
Arbeidstida til kunstnarane i undersøkinga er delt inn i tre kategoriarar: Tida dei bruker til reint kunstnarisk arbeid, tida dei bruker på «kunstnerisk tilknyttet arbeid», og tida dei bruker på «ikke-kunstnerisk arbeid». Døme på «kunstnerisk tilknyttet arbeid» er «undervisning, kunstformidling, juryarbeid eller arbeid i kulturbyråkratiet».
Tida norske kunstnarar bruker på å lage kunst, har gått kraftig nedover dei siste 20 åra – først med 19 % i perioden 1994 til 2006, og sidan med 16 % i perioden 2006 til 2013. Denne trenden held fram i perioden 2013 til 2019. Til dømes svarar berre 14 % av dei skjønnlitterære forfattarane som har svart på undersøkinga at dei jobbar fulltid med kunstnarisk arbeid. For barne- og ungdomsbokforfattarar er talet 15 %, og for faglitterære forfattarar og omsetjarar 17 %.
Tener for lite på kunsten
Når det gjeld inntekt, opererer undersøkinga med to kategoriar: Samla inntekt og inntekt frå kunstnarisk arbeid. Tala i den første kategorien viser at norske kunstnarar ligg litt under medianinntekta til resten av det norske folk. Medianinntekta til ein skjønntlitterær forfattar var til dømes 498 000 kroner i 2019. Til samanlikning var den samla medianinntekta for personar mellom 35 og 66 år i Norge samme år 530 000 kroner.
Men dei samla inntektene til forfattarane stammar altså i stor grad frå anna arbeid enn den reint kunstnariske verksemda, og som forskarane bak kunstnarundersøkinga svært treffande skriv: «Dersom man har et kulturpolitisk ønske om en kunstnerbefolkning av et visst omfang, og man utdanner kunstnere til nettopp kunstnerisk arbeid, kan det anses som et problem at kunstnerne er opptatt med annet inntektsbringende arbeid for å sikre egen velferd i stedet for å jobbe med kunst.» (s. 69).
Ser vi utelukkande på inntekter frå kunstnarisk verksemd viser nemleg undersøkinga eit anna bilde:
Skjønnlitterære forfattarar tente i snitt 173 000 kroner på litteraturen sin i 2019. Medianinntekta var nede i 133 000 kroner. For barne- og ungdomsbokforfattarar er tala 284 000 kroner (gjennomsnitt) og 236 000 kroner (median). Faglitterære forfattarar og omsetjarar tente i snitt 215 000 kroner, og hadde ei medianinntekt på 214 000 kroner.
– Også forfattarar må ha råd til å skilje seg!
Det kanskje mest nedslåande talet, er likevel medianinntekta til dei skjønnlitterære forfattarane som i undersøkinga oppgir at dei jobbar fulltid som forfattarar. Dei tener i snitt 287 000 kroner, og har ei medianinntekt på 188 000 kroner.
Spørmålet som då melder seg er gjerne korleis desse fulltidsforfattarane og andre kunstnarar med låg inntekt, klarar å overleve på så lite?
Heldgvis har forskarane bak Kunstnerundersøkelsen 2019 spurt om nettopp det: På litteraturfeltet svarar 54 % at forklaringa er at dei bur saman med enten kjærestar, samburarar, ektefeller eller foreldre som tener meir enn dei, medan 30 % oppgir at dei frå før har nedbetalt all gjeld eller har anna kapital i bakhand. 13 % svarar at dei har måtte ta opp lån for å dekke løpande utgifter.
Det er her Ingvild Christine Herzog blir bekymra for å miste viktige stemmer, ja, for breidda i norsk litteratur:
– Forfattarar kan ikkje vere avheninge av å arve eller å bu saman med nokon med høg lønn for å kunne skrive. Vi risikerer at viktige stemmer med ein annan bakgrunn enn øvre middeklasse, rett og slett ikkje vågar å ta risikoen det er å bli forfattar, eller for den del å ta risiko i forfattarskapet sitt. I begge tilfeller er resultatet ein meir einsformig norsk samtidslitteratur. Dessutan: Også forfattarar må ha råd til å skilje seg!
Mangfald
Herzog avsluttar med å peike på at kunstnarundersøkinga innheld tal som kan gi grunn til å allereie no frykte for mangfaldet:
– Det er blant anna verd å merke seg at rundt halvparten av alle norske forfattarar bur i Oslo-området, og medan 14 % av alle som bur i Norge har invandrarbakgrun, har berre 2 % av barne- og ungdomsbokforfattarane, 6 % av skjønnlitterære forfattarar og 5 % av faglitterære forfattarar og omsetjarar ein slik bakgrunn.
- Vil du dukke ned i det store talmaterialet bak Kunsternerundersøkelsen 2019, finn du den på kulturdirektoratet.no.