Arrangementskonseptet «Finn din sjanger!» vil presentere bøker og forfattarar innan eit breitt spekter av litterære sjangrar. Arrangementa vil i hovudsak vere forma som litterære samtalar, der kvar samtale tek for seg éin unik sjanger.
Over heile landet
Norsk Forfattersentrum er den einaste litterære organisasjonen med avdelingskontor i kvar landsdel, vi skil oss også ut ved å inkludere debutantar og sakprosaforfattarar i medlemsmassen. I Bokåret ønsker vi å bruke dette til å nå heile spennet av lesarar, frå den sekstiårige revisoren som elskar historiske romanar og allereie har besøkt litteraturhuset i Bergen mange gonger, til den sekstenårige SKAM-entusiasten på Finnsnes som aldri har vore på eit litterært arrangement. Kvart avdelingskontor vil ha ansvar for arrangement i sin landsdel saman med lokale medarrangørar.
500 bibliotek får støtte til å gjennomføre 1 500 arrangement
I følge pressemeldinga frå Nasjonalbiblioteket får til saman 500 bibliotek støtte til å gjennomføre over 1500 arrangement i løpet av 2019. Også fleire av våre nærmaste samarbeidspartnarar satsar stort i Bokåret. Leser søker bok får 950 000 til prosjektet «Bok til alle!», Den norske Forfatterforening og Bokhandlerforeningen 500 000 til «Leser møter forfatter – i bokhandelen», medan Foreningen !les får 1 000 000 kroner til kampanjen «Den boka». Vi er også svært glade for at Ordkalotten – Tromsø internasjonale litteraturfestival, der Norsk Forfattersentrum er medarrangør, får 80 000 kroner til neste års festival!