Forfattarpar offer for KI-blemme

Konsulentselskap ville piffe opp konsekvensutgreiinga til Hemnes kommune med eit sitat frå ei novellesamling av forfattarparet Berit Oksfjellelv og Hallvard Kjelen. Det var berre eitt problem: Det var ikkje dei som hadde skrive teksten.

Forfattarparet Berit Oksfjellelv og Hallvard Kjelen fotografert av Lydia O. Kjelen. Det høyrer med til historia at dei først spurde om vi ikkje berre kunne be KI om å lage eit bilde.

«Han høyrde eit sus frå elva som renn gjennom bygda. Han høyrde eit skrik frå ei kråke som flaug over himmelen. Han høyrde eit knirk frå porten som opna seg bak han. Han snudde seg og såg ei kvinne kome mot han. Ho var vakker og ung, med langt blondt hår og blå auge. Ho smilte til han og sa: - Hei, du må vere Arne? Eg er Ingrid, dottera til onkel Olav.»

Fra «Tilbake til Bleikvasslia» i novellesamlingen «Skjør» Berit Oksfjellelv og Halvard Kjelen (2019)
Den ekte novellesamlinga Skjør (2019).

Sitatet over er frå rapporten Planbeskrivelse og konsekvensutredning Detaljregulering for Høgda boligfelt, Bleikvasslia. Rapporten er utarbeida av konsulentselskapet Asplan Viak AS for Hemnes kommune.

Berit Oksfjellelv fortel at ein venn av forfattarparet gjorde dei merksamme på rapporten:

– Han sit i Hemnes kommunestyre og trudde utdraget var henta frå novellesamlinga vår Skjør, som vi gav ut i 2019. Som han skreiv i meldinga: Der kan de hake av «Bli sitert i ein kommunal rapport» på bucketlista. Problemet var berre at ingen av oss kjente igjen tekstudraget.

KI-prosa

Berit Oksfjellelv. Foto: Halvard Kjelen

– Har du nokon gong skrive ei novelle som heiter «Tilbake til Bleikvasslia?», spurde Hallvard kona. Berit Oksfjellelv fekk sjå utdraget, og det slo henne straks at det var temmeleg slett prosa, truleg laga av ChatGpt eller anna kunstig intelligens (KI).

– For sikkerheits skuld gjekk vi likevel inn på pc-ane våre og søkte etter teksten. Ein kan jo ha hatt ein dårleg dag … Heldigvis kunne vi konkludere med at nei, så ille er det ikkje stelt med oss.

– Er det slik at de kjenner igjen element frå novellesamlinga i den KI-genererte teksten? Har KI-en forsøkt å herme stilen i boka til dømes?

– Nei, dette var ein heilt anna stil enn nokon av oss skriv, og berre slektsforholdet til slutt der, er jo vanskelegare å røkje etter enn i ei islandsk soge.

Legg seg flat

Hallvard Kjelen la ut eit innlegg på Facebook der han fortalde om den falske siteringa. Han sende også ei melding til ein av dei to rapportskrivarane i konsulentfirmaet. Mistanken om bruk av KI vart ifølge Oksfjellelv først avvist, men då Kjelen kontakta rapportskrivar nummar to, la han seg flat og orsaka.

Også vi slår på tråden til Helge Lynghaug frå Asplan Viak AS. For korleis kan ein falsk, KI-generert tekst kreditert med to lys levande forfattarar komme på trykk i ein konsulentrapport som dette?

– Vi er oppfordra til å finne ut korleis KI kan effektivisere arbeidet vårt, og her var eg for snar på labben, svarar Lynghaug, som altså tar på seg skulda for KI-blemma.  – Eg spurde Chat-GPT om informasjon om Bleikvasslia til føreordet, og då dukka denne teksten opp, ei scene frå gravplassen rett ved feltet rapporten handlar om. Sidan teksten kom med kjeldehenvising til ei bok som finst, tok eg for gitt at det var snakk om ein ekte tekst.

Norsk Forfattersentrum minner Lynghaug om at slik bruk uansett skulle ha vore avklara med opphavspersonen.

– Ok. Det visste eg ikkje. Vi vil be Hemnes kommune om å fjerne føreordet frå plandokumenta ved første høve.

– Er det forresten vanleg med slike sitat frå litterære verk i rapportane de skriv?

– Nei, det er ikkje det, men eg tenkte eg ville finne på noko spesielt. De får ta dette som eit varsel om kor forsiktig ein bør vere med kunstig intelligens!

Le eller rase?

Den åtvaringa understerkar også Berit Oksfjellelv:

– Først syntest vi jo dette var både uskuldig og komisk, og vi hadde stor sympati med den arme stakkkaren som gjorde dette i beste meining, men eksempelet stadfestar også alle mine fordommar mot KI.

Forfattarane er tilsett ved Nord universitet. Der har dei begge kjeldekritikk som ein viktig del av arbeidskvardagen som hendhaldsvis professor i nordisk litteratur og PhD-stipendiat i pedagogikk.

–  Av arbeidsgjevar blir vi på eine sida oppfordra til å nytte KI i arbeidet vårt, og vi har enkelte kollegaer som syng i Halleluja-koret og opplever reiskapen som ein slags frelse. På andre sida får vi stadig nye reglar for korleis vi skal handtere KI, oppsummerer Oksfjellelv. – For oss personleg er det pinleg å bli assosiert med denne teksten. Eg tvilar på at det er så mange som får lyst til å lese resten av novellesamlinga av dette utdraget. Prinsipielt blir eg faktisk ganske skremt. Er det slik alle skal jobbe framover no? Be KI om å lage eit skjønnlittererært utdrag som kan passe, også er det fritt fram med å misbruke namn, arbeid og opphavsrett?

– Til no har vi vore mest redde for at KI-skal bli trent opp på verka til norske forfattarar utan at opphavspersonane blir kompensert økonomisk, men det som har skjedd her, er jo meir at KI-en lånar «forfattar-ethosen» til forfattanamna. Må norske forfattarar i framtida ta pantent på namna sine slik vi har sett at dei største fotballstjernene prøver på?

– Det skal ikkje vere opp til kvar enkelt forfattar å ta patent på eige namn! slår Oksfjellelv fast. – Styresmaktene bør snarast få på plass eit strengt lovverk og få det implementert, ikkje ha den laissez faire-haldninga dei har hatt med t.d. 6-årsreformen og Ipad og mobiltelefon i skulen der ein set i gang ein masse graverande tiltak og lar uskuldige vere prøvekaninar, og først fleire tiår etter med tydelege skadeverknader får det for seg kanskje å begynne å regulere litt.

– I ei oppdatering til Facebook-posten skriv Hallvard Kjelen at de har fått ei orsaking frå konsulentfirmaet, og det verkar som om han har godteke orsakinga. Er det slik at de tenker at de er ferdige med saka?

– Ja, for vår del er vi ferdige med akkurat denne saka. Vi blir no vel neppe utsett for dette fleire gonger. Men det kan nok skje mange andre, så eg synest det er viktig å løfte opp saka på eit prinsipielt nivå.

Kjelder

Medlemmer som er nemnde i denne saka