– Vi som elsker fotball, må ta fotballen tilbake, seier landslagssjef for Forfattarlandslaget for herrar, Peder Samdal.
Supporterinitiativ vil stoppe sportsvasking
Ein aksjon, skapt av norske fotballsupporterar, har den siste tida jobba målretta med nettopp ein norsk boikott av Qatar-VM. Målet er å forhindre såkalt sportsvasking, altså at nasjonar og kommersielle aktørar bruker store meisterskap til å glatte over systematiske og grove brot på menneskerettane, slik Amnesty har dokumentert er tilfelle ved tildelinga av VM til Qatar.
Landslagssjef for Forfattarlandslaget for kvinner, Pia Edvardsen, liker at store meisterskap ikkje berre blir lagt til dei store fotballnasjonane:
– Men det krev at arrangørlandet respekterer menneskerettane like klart som dei respekterer forballreglane. Her er det raudt kort til Qatar.
– På tide å stille FIFA til ansvar
Peder Samdal meiner det er spesielt viktig å sette fokus på det internasjonale fotballforbundet:
– Det er mykje som er gale i den moderne toppfotballen. Eit VM i Qatar står som symbolet på kor ille det har blitt. Det er på tide å stille FIFA til ansvar, og derfor støtter Forfattarlandslaget forslaget om boikott.
Om Norge boikottar meisterskapet blir avgjort på eit ekstraordinært Fotballting 20. juni.
Nettsida til boikott-aksjonen finn du her: https://www.fotballsupporter.no/qatar/