For mykje gratisarbeid i bokbransjen

Norsk Forfattersentrum ser ingen grunn til at forfattarar skal jobbe gratis på forlagseigde festivalar og arrangement.

Det har vore vanleg at forfattarar marknadsfører bøkene sine gjennom lanseringsfestar og signering i bokhandlar utan å bli honorert av forlaget. Dessverre ser vi at mange også blir bede om å stille opp gratis på andre arrangement, til dømes forlagseigde festivalar. Norsk Forfattersentrum var i møte med Forleggerforeningen om problemstillinga allereie i november 2021, og i august i år samla vi NBU, Forfatterforeningen, Forfatterforbundet og NFFO for å skape ei felles forståing for problemet.

Møtet munna ut i følgande formulering som dagleg leiar i Norsk Forfattersentrum, Ingvild Christine Herzog, før helga sende til alle dei over 1800 medlemmene våre: «Norsk Forfattersentrum, DnF, NBU, NFFO og Forfatterforbundet mener at hverken sakprosaforfattere eller skjønnlitterære forfattere skal måtte ta på seg ubetalte oppdrag, hverken for forlag eller andre oppdragsgivere.»

Viktig støtte frå Kulturdepartementet

Kunstnarundersøkinga frå 2019 viste at skjønnlitterære forfattarar tente i snitt 173 000 kroner på litteraturen sin. Likevel er det altså forfattarane som må jobbe gratis, medan dei andre aktørane på forlagseigde arrangement får lønn for arbeidstida si. Norsk Forfattersentrum er derfor svært glade for at Kulturdepartementet i fleire samanhengar har vore krystallklare på at alle aktørar som mottek offentleg støtte skal honorere kunstnarane dei samarbeider med.

Oppfordrar medlemmene om å seie frå

Dagleg leiar i Norsk Forfattersentrum Ingvild Herzog
Dagleg leiar i Norsk Forfattersentrum, Ingvild Christine Herzog, er ikkje nøgd med stadig nye døme på at forfattarar ikkje får honorar for oppdrag på vegne av bokbransjen. Foto: Lillian Hjellum.

Til medlemmene kjem Herzog på vegne av Norsk Forfattersentrum med følgande oppfordring:

«Vi anbefaler at du avklarer med forlaget på forhånd hva som reguleres av normalkontrakten og hvilke forventinger de har til deg, og du til dem, i forbindelse med markedsføring av boken din. […] Om det er høstturné eller krimfestival, bokkafé eller litterær samtale, om du har bok i år eller fjor eller 1997, dere skal alle ha et rettferdig honorar for innsatsen og jobben dere gjør. […]»

Unntak

Finst det likevel unntak der det er greitt at forfattarar er på scena utan å få honorar? Til medlemmene skriv Herzog: «Vi tenker det er greit å stille gratis på forlagets pressekonferanse (der høstens eller vårens bøker presenteres). Vi pleier også å si at det også gjelder lanseringsfesten for din egen bok.»

Herzog avsluttar e-posten med å be alle som treng råd, hjelp eller støtte i møtet med forlaget om å ta kontakt med Norsk Forfattersentrum eller ein av forfattarforeiningane.

«Vi er her for dere!»

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.