Fast etablering av Litteraturhus i Møre og Romsdal

Litteraturhus i Møre og Romsdal går frå prosjekt til fast finansiering, melder initiativtakarane Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Christian Borch på turné for LiMR på Vestnes bibliotek hausten-23. Foto: Vestnes bibliotek

– Det er med stor glede og entusiasme vi kan slå fast at Litteraturhus i Møre og Romsdal blir eit varig tilbod til befolkninga i fylket vårt, seier festivalsjef for Bjørnsonfestivalen, Johild Kosberg Bredin, i pressemeldinga. – Samarbeid gir gode resultat, og med Nynorsk kultursentrum, Bjørnsonfestivalen, Møre og Romsdal fylkeskommune og biblioteka på same lag, får vi eit omfattande formidlingstilbod for litteratur nær der folk bur.

Dette er ikkje berre godt nytt for det litterarturinteresserte publikummet på Nord-Vestlandet, men også for forfattarane som vil få oppdrag i regionen i åra som kjem. Avdelingsleiar ved Norsk Forfattersentrum Midt-Norge, Siri Aurland Bredesen, jublar:

Avdelingsleiar for Norsk Forfattersentrum Midt-Norge, Siri Arland Bredesen, er svært glad for at Litteraturhus i Møre og Romsdal held fram Foto: Lillian Hjellum

– Vi er svært nøgde med at Litteraturhus Møre og Romsdal får halde fram! Sidan oppstarten har dei servert fylket gode forfattarmøter der folk er, og etablert seg som ein svært viktig litteraturformidlar i fylket. Kva eit tilbod som dette gjer for biblioteka og publikum over heile Møre og Romsdal, kan du ikkje måle i kroner og øre, men i leseglede. Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrum har i samarbeid med biblioteka skapt ein spennande og variert «meny», som består av både lokale og tilreisande forfattarar. Og med tanke på sistnevnte, skal ein heller ikkje kimse av at å sende forfattarane ut på ein liten turné i staden for å hente dei til enkeltbesøk, kan vere eit positivt klimatiltak.

Får 850 000 kroner av fylket

Overgangen frå prosjekt til fast finansiering, skjer etter at Møre og Romsdal fylkeskommune løyver 850 000 kroner årleg til prosjektet frå og med 2024. Også Kulturrådet, Fritt Ord, Sparebank1 Nordmøre, Sparebank1 SMN (Sunnmøre), GassROR IKS, Gjensidigestiftelsen, Sparebankstiftelsen SMN og kommunane har støtta prosjektet, og samla årleg ramme er på om lag to millionar.

Minimum tre årlege arrangement i kvar kommune

Litteraturhus i Møre og Romsdal vart etablert som prosjektet SamLes LITT i Romsdalskommunane i 2017. Prosjektet vart utvida til heile fylket i 2020 med Nynorsk kultursentrum som ansvarleg koordinator for tilbodet på Sunnmøre, og Bjørnsonfestivalen på Nordmøre og i Romsdal. Kommunane bidreg i styringsgruppa, deltek med innspel til programarbeidet og er lokale vertskap i biblioteka. I den nemnde pressemeldinga kjem det også fram at alle dei deltakande kommunane får minimum tre arrangement per år og at tilbod med nynorsk litteratur og arrangement for barn og unge er prioritert.

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.

Fleire nyheiter

Sjå alle nyheitene