Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Etterlyser forlenga kompensasjon til sjølvstendig næringsdrivande
Før helga melde kultur- og likestillingsminister, Abid Raja, at regjeringa forlenger kompensasjonsordninga for kultursektoren. Dagleg leiar i Forfattersentrum, Ingvild Christine Herzog, er glad for at arrangørar framleis kan planlegge arrangement utan for stor risiko, men etterlyser samtidig at regjeringa også forlenger kompensasjonsordninga for sjølvstendig næringsdrivande.
DEL
Forfattersentrum er glade for at regjeringa, her representert ved kultur- og likestillingsminister, Abid Raja, forlenger kompensasjonsordninga for kultursektoren. Foto: Ilja C. Hendel/Kulturdepartementet
Herzog vart fredag intervjua av bok365.no. I saka uttalar ho blant anna:
– For forfatterne betyr utvidet ordning at flere oppdragsgivere tør og kan fortsette med litterære arrangementer. Det er enormt viktig at arrangørene faktisk booker inn forfattere før i siste liten, slik at de har en økonomisk forutsigbarhet denne høsten. Hvis ikke vil denne ordningen være god for arrangører og deres fremtid, og det er vi svært begeistret for, men det er ikke like gitt at den vil hjelpe særlig på forfatterøkonomien.
Den midlertidige kompensasjonsordninga for sjølvstendig næringsdrivande blir etter planen avslutta 30. september 2021. Ordninga har ikkje vore perfekt, men likevel vore viktig for mange forfattarar, fortel Herzog i saka som du kan lese her!