Bibliotekets litteraturpris til Frode Grytten

Bibliotekarar og lånarar frå heile landet prisar "Den dagen Nils Vik døde" (Forlaget Oktober, 2023).

Frode Grytten. Foto: Mari Hildung

Bibliotekets litteraturpris går til ei vaksenbok utgitt på norsk dei siste fem åra. Ein jury av bibliotekarar frå heile landet vel ut dei nominerte bøkene, før alle lånarar og lesarar som vil, kan vere med å stemme på sin favoritt blant dei nominerte bøkene.

På årets nominasjonsliste stod ei rekke medlemmer av Norsk Forfattersentrum: Øyvind Berg var nominert for Sommeren med Balder (2023), Mazdak Shafieian for Skinnende døde (2022), Therese Bakkevoll for debuten Tallboy (2023), Erlend Skjetne Alt som skranglar (2022) og Karoline Brændjord for allereie prislønna diktdebuten Jeg vil våkne til verden (2020).

– Eit høgdepunkt i eit mangfaldig og rikt forfattarskap

Men det var altså Frode Grytten som stakk av med statuetten utforma av Kjell Erik Killi Olsen. Bibliotekets litteraturpris oppsummerer vinnarboka, den allereie Brage-prispremierte romanen Den dagen Nils Vik døde, slik:

Den dagen Nils Vik døde kom ut i 2023, vart boka hylla av eit samla kritikar korps som enda eit høgdepunkt i eit mangfaldig og rikt forfattarskap. Boka er eit elegisk og ømt portrett av ein gamal ferjemann i ei lita vestlandsbygd, og av livet og menneska han har kjent der. Liv går over i død, minne og melankoli blir blanda med lun humor og storslegne skildringar av vêr og landskap. Det er ei bok med høg litterær kvalitet så vel som brei lesarappell.

No har også bibliotekbrukarane og bibliotekarane røysta fram Den dagen Nils Vik døde som vinnarboka av Bibliotekets litteraturpris 2024.