Æ Å Trondheim litteraturfestival - festivaltema 2015

I mai er det duka for den sjuande utgåva av Æ Å Trondheim litteraturfestival. Arrangør er Norsk Forfattersentrum Midt-Norge i samarbeid med eit kunstnarisk råd. Festivalen er kjent for sin kunstnariske kvalitet, nordiske profil og inkluderande festivalstemning. Æ Å Trondheim litteraturfestival blir arrangert annakvart år.

Programmet finn du her: Program Æ Å Trondheim litteraturfestival 2015

TORSDAG 7.–SØNDAG 10. MAI 2015
MILJØDIREKTORATET, BABEL VISNINGSROM FOR KUNST, ROCKHEIM, TRONDHEIM KUNSTMUSEUM OG ADRIANSTUA

Tema: orientering

Festivaltema i 2015 er orientering. Å orientere seg handlar om å vite kvar ein er, peike ut retningar og finne ut kvar ein skal. For å forstå verda og samfunnet rundt oss søkjer vi kunnskap om natur, politikk og kultur. Brå eller gradvise endringar i omgjevnadar, i konkrete eller mentale terreng, gjer at ein tidvis er nøydd til å orientere seg på nytt. Kva gjer dette med oss? Og korleis kan ein bruke litteraturen til å orientere seg? Æ Å Trondheim litteraturfestival inviterer forfattarar som på ulike måtar vil orientere, oppdatere og utfordre oss.

Årets gjestar

Programpostane spenner frå opplesingar, samtaler og foredrag til barnebokprogram og ei turorienteringsløype. Blant årets gjestar er Frøydis Sollid Simonsen, Mona Høvring, Tor Åge Bringsværd og Bjørn Arild Ersland.

OM MORGENEN – TIDLIG, fortsatt i mørke – våkner jeg og er en amøbe. Forsvinner i søvnen igjen til vekkerklokka ringer. Jeg går gjennom alle utviklingens stadier, hver morgen kryper jeg opp fra havet, ut av dyna, gror bein å gå på, beveger fingrene, reiser meg på to, tar på meg klær og blir langsomt en mer og mer kompleks organisme (...)

Slik opnar kortprosasamlinga Hver morgen kryper jeg opp fra havet av Frøydis Sollid Simonsen. I den kritikarroste debutsamlinga blir poeten sitt blikk blir brote mot den naturvitskapelege optikken. Sollid Simonsen har seinare gitt ut boksingelen Dyr, sortert etter alder. Under festivalen bidreg ho med opplesingar.

I fjor vart Mona Høvring nominert til Nordisk råds litteraturpris for romanen Camillas lange netter (2013). Camilla i tittelen er forfattaren Camilla Collett, og dei lange nettene viser til ei av Colletts mindre kjente bøker, den sjølvbiografiske I de lange nætter (1862). Camilla Collett-ekspert Silje Warberg vil samtale med Mona Høvring om litteraturen som møtestad.

Blant årets gjestar finn vi òg Tor Åge Bringsværd. Han har vore aktiv som forfattar i nesten femti år. Mange av bøkene hans kan verke viltre og anarkistiske, og skrivemåten kan sjåast som eit opprør mot litteratur som er tradisjonell, realistisk og altfor bunden til kvardagsrøynda. Bringsværd vil kåsere både om det eventyrlege og kartozoologi, og han deltek på barnebokprogrammet.

Bjørn Arild Ersland skriv i likskap med Bringsværd bøker for både unge og vaksne. Bildebøker som Det første barnet på månen (2009), Glassklokken (2010), og Dagen vi drømte om (2013) utforskar grensene for kva ein kan skrive om for barn. I desse kommunesamanslåingstider gler vi oss til at Ersland presenterer boka Bygdepolitikk, ei slags roadmovieaktig bygdebok om Randaberg kommune. Ersland tok fatt på bokprosjektet med ein mistanke om at dette skulle bli skrekkeleg keisamt, og utan at han ein gong visste kva eit formannskap var. Resultatet har begeistra publikum.

Kontakt

Janne Olden, prosjektmedarbeidar | janne@forfattersentrum.no
Martin Ingebrigtsen, formidlingskonsulent | martin@forfattersentrum.no
Guri Sørumgård Botheim, avdelingsleiar | guri@forfattersentrum.no

Norsk Forfattersentrum Midt-Norge | Bakkegata 1A, 7014 Trondheim | Tlf. 21 09 57 70 | www.forfattersentrum.no

Meir om forfattarane omtala i pressemeldinga:

Frøydis Sollid Simonsen (f. 1986, oppvaksen på Nesodden og busett i København) har utdanning frå Norsk Barnebokinstitutts forfattarutdanning og Einar Granum Kunstfagskole. Simonsen går for tida på Serieskolan i Malmö. Ho debuterte i 2013 med den kritikarroste kortprosasamlinga Hver morgen kryper jeg opp fra havet, der poeten sitt blikk blir brote mot den naturvitskapelege optikken. Ho har seinare gitt ut boksingelen Dyr, sortert etter alder og bidrege med teikneseriar i antologien Smuss. Våren 2015 er ho ein av tre deltakarar på den nordiske teikneserieutstillinga Space – en utstilling om verdensrommet, som m.a. blir vist på Serieteket i Oslo.

Mona Høvring (f. 1962 i Haugesund) debuterte med diktsamlinga IIK!! Ein dialog i 1998 og har sidan gitt ut sju bøker innanfor sjangrane dikt og roman. Høvring skriv med innsikt og medkjensle, tekstane hennar er både viltre og presise, nådelause og ømme. Ho har motteke ei rekkje prisar for forfattarskapen sin, og vart i 2014 nominert til Nordisk Råds litteraturpris for romanen Camillas lange netter. Høvring er fødd i Haugesund, og bur i dag i Vestfossen.

Tor Åge Bringsværd (f. 1939 i Skien) er ein av Noregs mest produktive og fantasirike forfattarar. Bringsværd debuterte i 1967 med Rundt solen i ring, ei bok han skreiv saman med vennen Jon Bing. Bing & Bringsværd samarbeida i fleire tiår, og dei to var sentrale i å introdusere science fiction i Noreg, både som litteratur og på TV-skjermen. Bringsværd er forfattar eller medforfattar til eit tresifra antal bøker i dei fleste sjangrar: romanar, forteljingar, noveller, sakprosa, essays, dramatikk, barne- og ungdomsbøker. Serien om Karsten og Petra er blant Noregs mest populære barnebøker og er også filma. Bringsværd har fått ei rekkje prisar, mellom anna Brageprisens heiderspris (2009) og Norsk kulturråds ærespris (2010).

Bjørn Arild Ersland (f. 1965 i Mandal) er etnolog og forfattar. Ersland starta forfattarskapen med fagbøker om norsk kystkultur, og etablerte seg snart som ein produktiv og omdiskutert barnebokforfattar. Sterke bildebøker som Det første barnet på månen (2009), Glassklokken (2010), og Dagen vi drømte om (2013) utforskar grensene for kva ein kan skrive om for barn. Fleire av bøkene til Ersland har vorte nominert til litterære prisar, og i 2009 fekk han Skolebibliotekarprisen for bøkene sine for barn og ungdom.

Æ Å Trondheim litteraturfestival blir arrangert annakvart år. Arrangør er Norsk Forfattersentrum Midt-Norge i samarbeid med eit kunstnarisk råd.

Takk til sponsorane: Trondheim kommune, Institusjonen Fritt Ord, Nordisk Kulturfond, Sør-Trøndelag fylkeskommune, Torstein Erbos Gavefond, Norsk Forfattersentrum Medlemsfondet og forfattarane sine forlag.

Takk til samarbeidspartnarane: Miljødirektoratet, Babel Visningsrom for kunst, Rockheim, Trondheim kunstmuseum, Adrianstua, Bislet Bok, NTNU, Grafill, Litteratur på Blå, Cinemateket og Trøndersk forfattarlag.

Kunstnarisk råd: Kaisa Aglen, Rune F. Hjemås, Harald Nortun, Mathias R. Samuelsen, Siv Gøril Brandtzæg, Christian Aske Myrhaug og Silje Warberg.

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.