Skriveforum: Skriving som hobby

Helgekurs med forfattar Ingeborg Eliassen.
Påmeldingsfrist: fortløpande påmelding. Fortsatt nokre ledige plassar!
Dette helgekurset i kreativ skriving passar for den som har lyst til å koma i gang med å skrive og for den som har skrive ei stund og treng eit puff vidare. Deltakarane vil bli betre kjent med seg sjølve som skrivande og oppdaga nye uttrykksmåtar.

Praktisk informasjon
Varigheit: To dagar à fire timar
Tidspunkt: laurdag 24. og søndag 25. september kl. 10.00–14.00 båe dagane
Stad: Norsk Forfattersentrum, Bakkegata 1A, Trondheim
Kursleiar: Ingeborg Eliassen
For ungdommar og vaksne
Kursavgift: 1400/1200 (ungdommar, studentar og honnør)

Påmelding
Bindande påmelding.
Send e-post til: guri@forfattersentrum.no
Vi treng denne informasjonen: namn, alder, fullstendig postadresse, e-postadresse og telefonnummer. Om du er student eller pensjonist, informerer du om det.

Om kurset
På kurset får du oppgåver du skal svara på i løpet av kort tid. Når ein arbeider raskt, blir den indre kritikaren sett ut av spel. Mange blir meir kreative da. Å skrive er å formidle. Vi samlar inntrykk gjennom sansane våre. Kva sansar bruker du mest? Syn? Hørsel? Eller ein av dei andre sansane? Kva inntrykk er viktige for deg når du skal formidle noko vidare?

Deltakarane les vanlegvis høgt det dei har skrive. Det er ingen tvang, men det er fint og lurt å dele med andre.

Kursleiar er forfattar Ingeborg Eliassen. Ho har blant anna gjeve ut barnebøker og fått oppført ei rekkje skodespel. Ingeborg har brei erfaring som kurshaldar for folk i alle aldrar.

Sagt om kurset av tidlegare deltakarar:
– Det var fint å bli gjort oppmerksom på at vi må bruke flere sanser når man skriver. Det har jeg tatt til meg, samtidig så har jeg blitt flinkere til å legge merke til lyder og lukter når jeg går tur.
– Kurset var veldig bra.

Spørsmål kan rettast til:
Norsk Forfattersentrum Midt-Norge
guri@forfattersentrum.no | Tlf. 21 09 57 70

Kursleiar Ingeborg Eliassen
ingeborg@andreakt.com | Tlf. 906 01 951
Nettside: http://www.ingeborgeliassen.no/

Arrangør: Norsk Forfattersentrum Midt-Norge​
Skriveforumet er støtta av Trondheim kommune

kart