OK, NOK PREIK! FEST! MUSIKK!

Frode Grytten Beatband med gjester

OK, NOK PREIK! FEST! MUSIKK!

Frode Grytten har valt gjester frå øvste hylle når poesi blir blanda med musikk. På scena står Stein Torleif Bjella, Thea Hjelmeland, John Olav Nilsen og Nils Øivind Haagensen. I ryggen har dei festspeldiktarens eige band: Pedro Carmona-Alvarez, Annlaug Børsheim, Michael Barnes, Tor Bjarne Bjelland, Ole Amund Gjersvik, Einar Sogstad.

I grunngjevinga for valet av Frode Grytten som festspeldiktar heiter det mellom anna:
Frode Gryttens stil er umiskjenneleg. Skjønnlitteraturen hans er inderleg og manande, men har også humor, skarpe karakteristikkar og kraftig klo. Han kjem stadig tilbake til industristaden Odda, men tekstane hans er først og fremst portrett av menneske og relasjonar. Frode Grytten skriv om den vanskelege kjærleiken, anten det gjeld ein kjærast, omsorgsperson, ein plass eller eit band.
Sjå heile grunngjevinga herFrode Grytten (f. 1960) debuterte i 1983 med diktsamlinga Start. Seinare har han skrive romaner, noveller, dikt og barnebøker. For Bikubesong (1999) fekk han Brageprisen og den blei også innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. Teaterversjonen av Bikubesong hausta strålende kritikkar og trakk fulle hus både i Oslo og Bergen. Han fekk Rivertonprisen for kriminalromanen Flytande bjørn i 2005, og for Rom ved havet, rom i byen fekk han Melsomprisen i 2008.

Chagall, Vaskerelven kl. 19.00

NB!
Arrangementet er eit samarbeid med Festspillene i Bergen. Til dette arrangementet MÅ du kjøpe billettar hos
www.billettservice.no, telefon 815 33 133 eller på Narvesen, 7-Eleven og andre utsalsstader for Billettservice.

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa