I forestillinga med arbeidstittel Norsk humor er det duka for eit møte mellom Ragnar Hovland og Finn Tokvam. Kvar for seg er desse to storkultar innan norsk humor og no har dei gjort samse tak – dei har sett seg føre å ta ein alvorsprat om norsk humor, men det blir den minst gravalvorlege alvorspraten som er gjennomført i manns minne!
Ragnar Hovland (f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979, har han utgitt over 50 bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og barn. Han har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen, Brageprisen, Dobloug-prisen og Bastian-prisen.
Finn Tokvam (f. 1972) er journalist, musikar og forfattar frå Flåm. Han debuterte med romanen Tyl i 2005 saman med Halvor Folgerø. Finn Tokvam er journalist og humorist, han er kjent frå mellom anna radioprogrammet P.I.L.S på NRK, har skrive fleire bøker og er vokalist i populærorkesteret Finn-Erix.
Tor Schei Hellesnes varmar opp med eigne viser.
Sundag 8. september kl. 18.00, Café Stationen på Voss
Arrangementet er eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Den intellektuelle countryfestivalen
Arrangementet er en del av Norsk Forfattersentrums satsning i Bokåret 2019, under vignetten «Finn din sjanger», i samarbeid med Den intellektuelle countryfestivalen . Arrangementsrekka «Finn din sjanger» presenterer bøker og forfattere innafor et bredt spekter av litterære sjangre, gjennom forfattersamtaler over hele landet. Samtalene gir innblikk i forfatternes egne arbeidsmåter og erfaringer. Målet med samtalene er å trigge lesegleden hos publikum gjennom sjangerutforskning, ved å se på sjangerens konvensjoner, overlapp, brudd og fargesprakende muligheter. Les mer her.