Mona Vetrhus til EMPO
Bli med på eit hyggeleg forfattarmøte der vi snakkar om bøker og kvifor det er viktig å lesa – også for vaksne. Vi snakkar om korleis bøker kan hjelpa deg å forstå språket, få nye venner og skjønna kvifor nordmenn går tur også når det regnar. Eg delar historiar, boktips og eigne erfaringar som forfattar.
Kom, snakk med meg – og finn di neste favorittbok!
Eg håpar å sjå deg der!
Beste helsing Mona Vetrhus, som skriv dikt og barnebøker, og er glad i paraplyar og solbriller.
Når: Mandag 28. april kl. 17.00 og tysdag 29. april kl.12.30
Kvar: EMPO - flerkulturelt ressurssenter, Kong Oscarsgate 62, Bergen sentrum
Mona Vetrhus er lyrikar og radioprogramleiar. Ho er utdanna innan litteratur, språk og psykologi, og debuterte med diktsamlinga Nokre gutar kjem ikkje heim i kveld (2012). I fleire år har ho arbeidd som litterær rådgjevar i foreninga «Leser søker bok». I fjor haust kom barneboka Nattklubben, som ho fekk strålande kritikkar for.
Arrangementa er ein del av prosjektet Litterært springbrett, og er støtta av Vestland fylkeskommune, Sparebanken Vest og SR-banken