Kva er det som gjer at generasjonar av barn elskar bøkene om Harry Potter, at ungdom den dag i dag forelskar seg i Stormfulle høgder, eller at sci-fi entusiastar les Solaris om att og om att? I dette kurset lærar du å fylgja instinkta dine til å dikta dei gode fortelligane, dei som får deg til å gråte, bli sint, eller le. Du lærar deg forskjellige måtar å bygga opp tekst og korleis å engasjera lesarar.
Dato og sted: Laurdag 20. nov og søndag 21. nov, kl. 12.00-15.00 Åsane kulturhus, Klasserom 3001, Åsane senter 52
Tharaniga Rajah er frå Moi i Rogaland og debuterte i 2018 med romanen Det er lenge til skumring, til gode kritikkar og nominasjon til P2-lyttaranes romanpris. For augneblikket skriv ho på sin neste roman og omsett The City we became av N. K. Jemisin for Det Norske Samlaget, når ho ikkje reiser landet rundt for å snakka i litterære samtalar og halda føredrag og kurs.