Dei nynorske festspela 2015

Festspeldiktar Gunnhild Øyehaug får selskap av tre tidlegare festspeldiktarar og ein ung poet og romandebutant når ho entrar Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet fredag 26. juni. Lars Amund Vaage, Brit Bildøen, Bjørn Sortland og Kristina Leganger Iversen har alle skrive litteratur der omgrepet tillit mellom menneske blir utforska.

Dei nynorske festspela 2015