3 x Marit om heimstad

I denne arrangementsserien inviterer vi ein forfattar til å samtale med tre kollegaer om eit sjølvvalt tema. I haust har Marit Eikemo valt seg temaet "heimstad" og til den andre samtala, har ho invitert Ingvild H. Rishøi

3 x Marit om heimstad

Foto: Agnete Brun og Mathias Fossum

I løpet av tre samtalar med tre forfattarkollegaer, vil Marit Eikemo kaste lys over temaet heimstad sett gjennom kollegaer sine forfattarskap:
Frode Grytten, Ingvild H. Rishøi og Halvor Folgerø

Ifølgje ordbøkene er heimstad den staden der ein bur og har heimen sin. Men kjensla av å vere heime, eller heimlaus, har ofta ei vidare tyding. Ein kan kjenne seg heime i ein klasse, hos eit anna menneske, i eit større fellesskap, i eit land. Men kva om heimstaden ikkje er trygg? Eller vegen heim er farleg? Og kva skjer med heimen når du mistar den du har delt den med?

I samtale nummer to vil Marit Eikemo snakke med Ingvild H. Rishøi om dei samansette og skjøre forholda mellom barn og vaksne. Korleis leve med foreldre som ikkje strekker til, i ein heim på grensa til fattigdom? Rishøi skriv som ingen andre om korleis vi alle kan bli råka, kor fort vi kan miste det vi har. Det vesle som finst av noko trygt og heimleg, kan plutseleg vippe over i noko utrygt, i kaos og fortviling.


Når: Tysdag 22. oktober, kl.19:00

Kvar: Skifte, Det Vestnorske Teateret

Gratis inngang!

Ingvild H. Rishøi (f. 1978) er født og har vakse opp i Oslo. I 2007 debuterte ho med novellesamlinga La stå, som blei hovudbok i Bokklubben Nye Bøker og vakte begeistring hos både kritikarar og lesarar. Samlinga Historien om Fru Berg kom i 2011, også den fekk unison hyllest. Vinternoveller, kom i 2014 og for den fekk forfattaran mellom anna Brageprisen og Kritikerprisen. Rishøi sin første roman Stargate. En julefortelling (2021), kom samtidig ut i Norge, Sverige og Danmark til strålande kritikk.

Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør og var også leiar for Cornerteatret i Bergen. Debuten hennar var med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske i 1999. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018. I 2019 mottok ho Samlagsprisen. Eikemo har til saman gitt ut sju romanar. I vår kom romanen Brødrene Eikemo (2024) til glitrande kritikk.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Det Vestnorske Teateret, og er realisert med tilskot frå Bergen kommune og Fritt Ord