Wergelands åre er ein pris som blir delt ut annakvart år. Den skal gå til personar eller institusjonar som i si verksemd har bidrege til forståing, formidling og synleggjering av poesi.
Prisen blir delt ut rundt Henrik Wergelands fødselsdag 17. juni og er på kr. 10 000,-.
Norsk Forfattersentrum ønskjer med dette å slå eit slag for poesien, i alle former og alle medium. Prisen blei første gong delt ut i 1997.
I 2016 skal Wergelands åre delast ut på ny, og vi ønskjer forslag på gode namn. Etter at vi har mottatt forslaga, vil ein jury samansett av Mads Breckan Claudi og Marte Huke frå styret og Eirik Ingebrigtsen frå administrasjonen gi ei innstilling til styret, som kårar vinnaren.

Annelita Meinich, Foto: Guri Sørumgård Botheim
Tidlegare vinnarar:
1997: Turid Birkeland
1999: Oslo Sporveier – dikt underveis
2001: Volapük
2003: Dagbladet – diktbasen
2005: Erling Kittelsen
2008: Jan Erik Vold
2012: Hanne Bramness
2014: Diktafon ved Annelita Meinich
Forslagsfristen var 1. februar 2016