corona_CDC, Alissa Eckert

Betalar fullt honorar for avlyste DKS-turnéar

Den kulturelle skolesekken i Viken har i kveld avlyst alle skuleturnéar dei neste vekene. Fylket opplyser samstundes at dei betalar ut fullt honorar til utøvarar som får sine turnéar avlyst. Etter det Forfattersentrum erfarer gjer Finnmark fylke det same. Dette er vi sjølvsagt svært letta over, og vi håpar dei andre oppdragsgivarane i DKS følgjer etter Viken og Finnmark!

Les meir om avlyste DKS-turnéar i Viken på det nye fylket sine nettsider: https://viken.no/tjenester/kultur/aktuelt-kultur/koronasituasjonen-avlyser-skolesekk-turneer.21587.aspx

Les meir om korona og avlyste på oppdrag her!

Foto: CDC / Alissa Eckert, MS; Dan Higgins, MAM.