Søkbare midlar til litterære produksjonar i DKS 2016

Norsk Forfattersentrum Litteraturbruket vil styrke litteraturen i Den kulturelle skulesekken generelt, og litterære produksjonar som formidlingsform spesielt.

To hundre og sekstini dagar - cover

Produksjonen «To hundre og sekstini dagar» fekk støtte i 2015

Litteraturen kan, gjerne i samspel med andre kunstformer, skape stemningar og bilete hos lesar og tilhøyrar. Den litterære produksjonen skal ta vare på formidlinga av det skrivne ordet, men det treng ikkje med naudsyn vere formidla av forfattaren sjølv.

 

Norsk Forfattersentrum lyser ut midlar til nye litterære produksjonar. Eit fagutval vil i vurderinga av søknadane legge vekt på kvalitet og profesjonalitet. Vi ønskjer særleg produksjonar med vekt på

  • sakprosa
  • poesi
  • tverrkunstnarleg samarbeid
  • litteraturkritikk
  • dystopiar

Ein kan få maksimalt 75 % av totalbudsjettet i støtte.
Dei resterande 25 % kan vere pengar eller eigeninnsats.

 

Søknaden skal innehalde informasjon om:

  • søkjaren (ev. medsøkjar)
  • tittel på prosjektet
  • totalbudsjett og søknadssum
  • eigenkapital og eventuell anna finansiering
  • kortfatta CV for søkjar (og eventuell medsøkjar)
  • prosjektskildring
  • relevant kompetanse
  • budsjett og finansieringsplan

Det kan søkjast tilskot til

  • utvikling og eventuell prøveframsyning av nye litterære produksjonar
  • litterære produksjonar som opnar for at elevar deltek; før, under og etter
  • ferdigstilling av og/eller vidare arbeid med eksisterande produksjonar
  • profesjonalisering av utøvarar
Badboy Steroid

«Badboy: Steroid» fekk støtte i 2015

1. Kven kan søkje?

"Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen" fekk støtte i 2015

«Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen» fekk støtte i 2015

Alle formidlarar av litteratur i Den kulturelle skulesekken.

Prosjekt for DKS skal forankrast i læreplanverket og bygge på eit samarbeid med skule og lærarar. Dei skal ha eit høgt kunstnarleg nivå med utøvarar som har eller søkjer formidlingskompetanse. Ein er velkomen til å søkje med tverrkunstnarlege samarbeidsprosjekt. Mottakarar av prosjektmidlar skal legge fram rapport og rekneskap når prosjektet er avslutta.

2. Retningslinjer for søkjarar

Norsk Forfattersentrum vil følgje opp krav frå departementet om økonomiforvaltning og rapportering. Styringsdokumenta for Den kulturelle skulesekken er St.meld. nr. 8 (2007–2008) Kulturell skulesekk for framtida, med innstillinga S. inst. nr. 200 (2007–2008). Måla for Den kulturelle skulesekken legg også føringar for nye produksjonar:

Prosjekta skal vere forankra i læreplanverket, og skal bygge på samarbeid med lærarar og skuleeigarar.

Prosjekta bør nå så mange som muleg og vere geografisk spreidde. Vilje til turné etter premiere er ein føresetnad.

Litteraturbruket er i nær kontakt med fylkeskommunane for å koordinere prosjekta med andre prosjekt og tiltak i fylket.

Den kulturelle skulesekken skal vere eit tillegg til, og skal ikkje erstatte noverande tiltak, eller satsingar som er finansiert med andre midlar.

Det er ein fordel om det blir samla inn røynsle frå prosjekta som kan kome andre aktørar til nytte.

Alle søknadar som ikkje inneheld naudsynte og relevante opplysningar i samsvar med retningslinjene vil bli skilt ut. Søkjar blir gjort merksam på dette og får høve til å rette opp eller ettersende.

Søknad om midlar utanfor retningslinjene – til anna enn litterære produksjonar eller søknad om midlar til profesjonalisering – vil bli avvist. Søkjar blir gjort merksam på dette.

Søknad frå personar med fagbakgrunn utanfor retningslinjene vil bli avvist før behandling. Søkjar blir gjort merksam på dette.

Midlane skal bidra til å styrke utviklinga av litterære produksjonar som formidlingsform for litteratur i skuleverket, først og fremst via Den kulturelle skulesekken (DKS), men produksjonane kan med fordel også nyttast andre stader (bibliotek) og i andre samanhengar. Om litterære produksjonar, sjå https://forfattersentrum.no/litteraturbruket/produksjoner/

Dei litterære produksjonane skal verke inspirerande og motiverande og fremje leseglede og leselyst hos elevane.

Midlane kan søkjast av alle som ønskjer å formidle litteratur i skulesekken.

Det kan IKKJE søkjast midlar til

  • turnéstøtte
  • etter- og vidareutdanning av lærarar
  • tiltak som møteplassar og seminar for vaksne, informasjon, databaser og innsamling av røynsle

3. Rapportering

Rapport og rekneskap skal sendast Litteraturbruket så snart midlane er brukt opp eller etter nærare avtale. Tilskotet fell bort dersom tiltaket ikkje er sett i gang innan 31.12.2016.

I prosjektrekneskapet skal finansieringa av administrasjon og kompetansehevande tiltak spesifiserast. Opptente renteinntekter skal også spesifiserast. Ved tildeling over kr 100 000 blir det krevd revidert rekneskap av statsautorisert eller registrert revisor. Dette kan reknast som ein del av det totale prosjektrekneskapet. Andre offentlege tilskot skal vere spesifisert i rekneskapen.

Norsk Forfattersentrum kan setje i verk kontroll for å sjå at midlane blir brukt etter føresetnadane og kan krevje at heile eller delar av tilskotet blir betalt tilbake om så ikkje er tilfelle.

4. Behandling av søknadar

Alle søknadar blir handsama av eit fagutval og skal godkjennast av styret i Norsk Forfattersentrum.

Her finn du fagutvalget

Innstillingar frå utvalet og vedtak frå styret vil ligge føre primo mai.

Alle spørsmål som gjeld prosjektmidlane generelt og søknadar spesielt rettast til Knut Fougner, 21 09 57 10 / knut@forfattersentrum.no, eller til eitt av avdelingskontora våre.

Våre avdelinger

Ostlandet-200 Sorlandet-200 Vestlandet-200 Midt-Norge-200 Nord-norge-200