Tørresvold

Tørresvold får Festspeldiktarstipendet

Ingrid Tørresvold får tidenes første festspeldiktarstipend. Årets festspeldiktar, Tormod Haugland, har vore éinmannsjury.

Koronarestriksjonar førte til at årets utgåve av Dei litterære festspela i Bergen vart arrangert med begrensa publikumskapasitet. Programmet vart derfor også strøyma på nettet, og det er billettinntektene frå nettsendinga Forfattersentrum Vestlandet har sett av til eit stipend på 10 000 kroner som festspeldiktaren no har gitt til ein debutant han har ekstra store forventingar til framover.

– Stas!

Ingrid Tørresvold (f. 1992) debuterte i 2020 med romanen Hilsen Ruth på Cappelen Damm. Boka skildrar kvardagsliv under ei ekstrem hetebølge, og kom ut midt i koronakrisas første fase. Som Haugland skriv i grunngjevinga under, gjorde dette romanen svært aktuell på fleire plan, både som ein tekst om klimaendringar og om mennesket i krisesituasjonar.

– Dette var veldig hyggeleg. Ja, stas! svarar Tørresvold då ho får nyheita om stipendet.

Ho fortel vidare at det har vore ei svært blanda erfaring å gi ut si første bok.

– Du får jo høyre at du ikkje skal forvente så mykje, men romanen fekk ein god del merksemd då den kom ut. Det var fint! Samtidig var dette midt under den første koronanedstenginga. Det var med andre ord få fysike arrangement, og ingen sleppefest.

Kva Tormod Haugland og andre lesarar kan vente seg av neste prosjekt, vil ikkje Tørresvold røpe for mykje om, men arbeidet med ein ny roman er i alle fall i gang.

Grunngjeving frå festspeldiktar Tormod Haugland

Romanen Hilsen Ruth av Ingrid Tørresvold gjorde inntrykk då eg las han, og når stemningar og visse situasjonar held fram med å leve i meg, ser eg det som eit teikn på kvalitet. Boka fekk merksemd for sitt emne, der klimakrisa med sine skogbrannar og temperaturendringar låg som eit bakgrunnsteppe, og det at boka kom ut om lag på same tid som samfunnet var i ferd med å stenge ned på grunn av pandemien, var med på å gjere ho endå meir aktuell. Den nye situasjonen med at folk måtte tenkje annleis om ei rekkje saker, ikkje minst korleis livet skulle løysast reint praktisk, kunne relaterast til situasjonen i romanen.

Årets festspeldiktar Tormod Haugland. Foto: Helge Skodvin

Den ytre ramma er at Ruth (39) er att i ein større by sør i landet medan ei ekstrem varmebølgje gjer levekåra vanskeleg for innbyggjarane. Mange vel å reise nordover, men Ruth vert att med ein deltidsjobb på ein kafé, saman med den noko yngre Sofie, som er gravid. Desse premissa lagar inngangen til ein roman som i mangt handlar om daglegdagse gjeremål og hendingar. Ruth får tilbodet om å reise nordover til systera, der tilhøva er meir normale, men ho vil heller greie seg sjølv i den situasjonen ho er i. Det som gjer romanen til noko meir enn ei daglegdags lesaroppleving trur eg handlar om måten den ytre verda vert absorbert i eg-personen, Ruth, og korleis det som vert sagt og skjer får sine responsar i hennar indre verds tankar og syn. Ruth er ein person som ikkje er til å lite på, slik det ofte er med 1. personsforteljarar, men her får lesaren vite at ho lyg, som om det var ein metode for å kome nærare Sofie. Ho hevdar mellom anna at ho sjølv har vore gravid, og eg les dette som ei lygn som er meir intuitiv enn kontrollert. Lygna fungerer som ein naturleg og medmenneskeleg respons i samtalen, noko ho sidan reflekterer over.

Ruth viser både naivitet og klokskap, ho er uføreseieleg både i tanke og gjerningar. Gjennom dette språkarbeidet vekslar romanens stemningar mellom det underlege og faretrugande, men med ei form for lettheit som også får fram humoristiske og meir absurde augneblinkar. Med hovudvekt på notidsplanet følgjer vi Ruth og tankane hennar frå situasjon til situasjon, der ho prøver å oppretthalde ein distansert kontakt med familiemedlemmer, medan minner om barndom og familie lagar eit spenn mellom ulike tidsplan. Det at forfattaren held att informasjon er med på å gjere romanen til ei spennande lesaroppleving som både verkar framand og kjend, ein balansekunst som krev meir enn berre eit snev av psykologisk innsikt.

Det er ei stor glede for meg å kunne gje dette stipendet til Ingrid Tørresvold. 

Tormod Haugland

Toppfoto: © Foto: Anna-Julia Granberg/Blunderbuss