Steffen Kverneland er årets festspeldiktar 2023

Sjølvportrett av Steffen Kverneland


Norsk Forfattersentrum er utruleg stolte over å kunne presentere Steffen Kverneland som festspeldiktar under Dei litterære festspela i Bergen i mai! Laurdag 14. januar fyller teikneserieskaparen og forfattaren 60 år. Norsk Forfattersentrum sender ein dobbel gratulasjon til jubilanten.

I Steffen Kvernelands forfattarskap bygger det eine verket på det andre, i ei kontinuerleg utforsking av form og eksistensielle spørsmål. Med stadig nye uttrykk krinsar han rundt kunst, kunstnarliv, biografi og sjølvbiografi. Det leikne og organiske uttrykket vippar mellom beksvart alvor og overraskande humor – slik livet ofte gjer.

Tar kunstnarromanen til eit nytt nivå
Med den moderne klassikaren Munch tar Kverneland i 2013 kunstnarbiografien til eit heilt nytt nivå. Gjennom Kvernelands briljante gjenskapingar av Munchs bilete kjem vi tett på både Munch og Kverneland sjølv, med stort overskot, burlesk humor og djupt alvor. For denne boka fekk Kverneland, som første teikneserieforfattar nokon gong, Brageprisen i klassa for sakprosa.

Den sjølvbiografiske teikneserieboka En frivillig død frå 2018 er eit vakkert og sårt portrett av far hans, som ikkje ville leve. For En frivillig død vart Steffen Kverneland i 2022 den aller fyrste vinnaren av Bibliotekenes litteraturpris. Oppvekstskildringa Slyngel de luxe kom i 2019 og Brillegeit i 2021. Brillegeit følger Steffen frå barndom i Haugesund, skulegang, kunstnaren som ung mann og student i Bergen, til han prøver å etablere seg som teiknar i Oslo. Brillegeit har fått glitrande meldingar. «Dette er next level künstlerroman», skreiv Asle Sætre i Serienett. Kverneland er mottakar av Haugesund kommunes kulturpris 2023.

Ein særprega miks
Valet av festspeldiktar er gjort av arbeidsutvalet ved Norsk Forfattersentrum Vestlandet. Arbeidsutvalet meiner at bøkene til Kverneland, med stort emosjonelt trykk og ein personleg stil, viser nye vegar for forteljarkunsten og kunstformidlinga. Her er utdrag frå grunngjevinga, skrive av Marit Eikemo:

Årets festspeldiktar er forteljar av stort internasjonalt format. Gjennom eit omfattande og rikt kunstnarskap utvidar Steffen Kverneland rommet for kva ei forteljing er – og kan vere – med sin særprega miks av biografi, teikneserie, foto, fortid og samtid. Med sine virtuose teikningar og nøkterne språk formidlar han på meisterleg vis kva som formar eit menneske og ein kunstnar. Enten det handlar om ei brillegeit frå Haugesund si kunstnariske oppvakning, Edvard Munch, eller ein far som ikkje ville leve.

Heile grunngjevinga kan lesast her: De litterære festspill 2023 | Festspeldiktar Steffen Kverneland 

Festspelprogrammet
Til Dei litterære festspela inviterer festspeldiktaren med seg gode kollegaer. Programmet blir lansert seinare, men vi kan røpe at det vil innehalde både kjente norske forfattarar og nye spennande stemmer. Publikum vil òg bli betre kjent med festspeldiktaren gjennom eit grundig djubdeintervju.

Illustrasjonen er eit sjølvportrett av Steffen Kverneland, frå En frivillig død (No Comprendo Press, 2018).

For intervjuavtaler eller meir informasjon ta kontakt med:
Dei litterære festspela | Norsk Forfattersentrum
Guri Sørumgård Botheim, rådgjevar
Tlf.: 97 03 16 24
E-post: guri@forfattersentrum.no

Om Dei litterære festspela
Dei litterære festspela finn stad i perioden 25.–27. mai 2023 i Bergen. Arrangør er Norsk Forfattersentrum Vestlandet. Valet av festspeldiktar er gjort av arbeidsutvalet til Norsk Forfattersentrum Vestlandet, som består av forfattarane Marit Eikemo, Pedro Carmona-Alvarez og Chris Tvedt.

Namn på tidlegare festspeldiktarar finn du her: Dei litterære festspela – Norsk Forfattersentrum