Vårsøg

Mannen som skreiv diktet Vårsøg levde i tre hundreår; født i 1898, død i 2001. Hans Hyldbakk frå Surnadal på Nordmøre var både ein stor forfattar og ein stor original. Vi finn knapt slike lenger.

om produksjonen

Frå han var liten bar han på ein sterk draum om å skrive. Framsyninga Vårsøg fortel korleis han oppfylte draumen, mot alle odds. Han voks opp i fattigdom, i ei tid da det var kroppsarbeid som talte. Skriving vart sett på som «tull og yrkesløyse».

Korleis greidde han å oppfylle draumen? Ved hjelp av vårsøget. Ordet femner lyden av vår: «susing av vind og rennande vatn om våren». Samtidig rommar det ei rik, indre tyding: eit håp, ei glede, ei framtidstru, ei kraft.

Historia om Hans Hyldbakk er samtidig ei vandring i norsk historie på 1900-talet. Vandringa begynner heilt tilbake i menneskets første tid: Kor kom språket frå? Når oppsto skriftspråk?

Det å uttrykkje seg skriftleg vart så sterkt for nokre menneske, at det var den einaste livsvegen dei kunne velje. Hans Hyldbakk var eit slikt menneske.

Historia om Vårsøg er også ei global historie. Sambygdingen Henning Sommerro sette tone til Hyldbakks dikt. Den tonen er å finne på hitlistene i Sør-Korea, som ringetone i Kina, som rap i USA, som livemusikk på Zanzibar, i tillegg til eit utal versjonar i Norge. Tonen er utløyst av rytmen i diktet; rytmen til vårsøget.

om formidleren

Svein Sæter frå Stangvik på Nordmøre er forfattar, kåsør og frilansjournalist. Han har skrive 20 faglitterære bøker og fem teaterstykke. Mange av bøkene har historiske tema, andre tar for seg så ulike emne som Etiopia, fotball, økologisk landbruk og sportsfiske.

Mer om Svein Sæter i

Foto: Gyldendal Norsk Forlag

produksjonsfakta

Målgruppe
1. – 4. og 5. – 7. klasse (tilpasset opplegg)

Produsent
Svein Sæter

Arena
Klasserom / grupperom / sal

Teknisk krav
Ingen

Programlengde
45 minutter. Maks to forestillinger pr. dag.

Elever
100 per forestilling

Opprigg / nedrigg
5 minutter

Pris DKS
Rammeavtalen med fylkesnettverket

Foto kan benyttes til promotering av forestillingen. Fotograf skal krediteres.

kontaktinformasjon

Svein Sæter
Telefon: 47 84 70 17
E-post: svein@blomsterhaug.no