Kurset startar med bretting av “minicomics”. Ved hjelp av litt primitiv origami gjer vi eit A3-ark om
til eit 8-siders hefte. Elevane får ei oppgåve, lag ei histore på 8 sider som innheld t.d. ein bil og ein elg. De har 15
minutter.
om produksjonen
Vi gjentar liknande øvingar gjennom heile kursdagen, ofte med ulike “handicap”/utfordringar. Ut
frå det som blir produsert så teoretiserer vi rundt teikneserievirkemidler, fortellerteknikk, dramaturgi og bygging av karakterer. Kanskje viktigast av alt: eleven går heim med ein bunke små hefter som han/ho har produsert i løpet av dagen. Ved å gå rett på sak hopper vi (i beste fall) over den sjølvkritiske “tvile-fasen” som ofte stoppar kreativitet. Frå å kanskje aldri ha laga ein einaste
teikneserie går ein til å vere ganske erfaren på slutten av dagen.
Metoden er altså å først lage noko, og deretter teoretisere rundt det. Erfaringa mi er at mange elevar får ein «vekkar» ved å raskt meistre eit nytt medium og få muligheten til å fortelje visuelle historiar. Eg har fokusert ein del på å jobbe raskt og intuitivt, at teikneferdigheter ikkje skal vere føresetnad for å lukkast.
om forfattaren
Jens K. Styve er forfattar og serieteiknar med bakgrunn frå grafisk design og illustrasjon. Han teiknar serien Dunce som går dagleg i Dagbladet (den vann også Dagbladets seriekonkurranse i 2016).
Styve har gjeve ut romanane Friedland og Eg, Ove Kvamme. Han har gjeve ut ein heil del teikneseriar, hovudsakleg på JIPPI Forlag og på eige forlag.
Til dagleg jobbar Jens K. Styve som kommunikasjonsansvarleg ved Tvibit i Tromsø. Før det jobba han tolv år som partner og grafisk designer i Tank Design Tromsø AS, eit designbyrå med fokus på kulturkundar og pakningsdesign.
Jens har utdanning frå Universitetet i Bergen (Medievitenskap og Fjernsynsproduksjon) og Universitetet i Tromsø (Forfatterstudiet).

Foto: Nicolas Tourrenc
produksjonsfakta
Målgruppe
8 – 10. klasse og 1. – 3. klasse VGS (tilpasset opplegg)
Produsent
Jens K Styve
Arena
Klasserom / grupperom
Teknisk krav
A4-ark, penner og sakser
Programlengde
2-4 timer
Elever
30
Opprigg / nedrigg
5 minutter
Pris DKS
Rammeavtalen med fylkesnettverket
Foto kan benyttes til promotering av forestillingen. Fotograf skal krediteres.
status
Mottaker av produksjonsstøtte 2017.
kontaktinformasjon
Jens K. Styve
Telefon: 97 14 67 59
E-post: jstyve@gmail.com