Med fortida i handa

Korleis såg det ut i lokalmiljøet i gamle dagar? Korleis levde bestemor og oldemor? Korleis kan vi finne spor og minne frå fortida?

om produksjonen

Med fortida i handa er eit opplegg kor elevane skal leite etter og bli merksame på spor frå fortida i lokalmiljøet sitt.
Opplegget er sett saman av ein fellesdel – Kor kan vi finne fortida? – og ein del 2 der forfattaren og ei mindre gruppe elevar gjennomfører ei vandring i lokalmiljøet. Om ønskeleg kan ein også gjere eit etterarbeid med tips om korleis elevane kan dokumentere det dei har funne ut om ”gamle dagar”.

kattespinn-og-sorpehone

om forfattaren

John Roald Pettersen er forfattar og journalist med bakgrunn som førskulelærar. Han har skrive ulike typer barnebøker, men har særleg arbeidd med historiske tema. John Roald vaks opp i Lofoten og er busett i Ålesund.
Han har tidlegare turnert med denne produksjonen i Møre og Romsdal, Hedmark, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag. Finn spor fra fortida er ei handbok for barn om å leite etter spor frå gamle dagar, utgitt våren 2013.

Mer om John Roald Pettersen i
forfatterkatalogen

Foto: Selja Forlag

Foto: Selja Forlag

produksjonsfakta

Målgruppe
5. – 7. klasse

Produsent
John Roald Pettersen

Arena
Klasserom / aula.

Teknisk behov
Projektor

Programlengde
45 minutter. Maks to forestillinger pr. dag.

Elever
60 (15) per forestilling

Opprigg
15 minutter

Nedrigg
10 minutter

Pris DKS
Rammeavtalen med fylkesnettverket.

Foto kan benyttes til promotering av forestillingen. Fotograf skal krediteres.

kontaktinformasjon

John Roald Pettersen
Telefon 92 60 42 65
E-post: johnrp@online.no