Kven er eg? Om språk og identitet

I 1982 blir ein liten gut i to års alderen funnen aleine på ein togstasjon. Ingen veit kva han heiter, heller ikkje når han er fødd. Han hamnar på barneheim. Får namnet Jung, Suh-Soo. Fødselsdatoen 15.11.1980. Eitt år seinare blir han adoptert bort frå Sør-Korea og til Norge. Der får han nok ein gong eit nytt namn. I løpet av eitt år skiftar denne guten identitet tre gonger. Kva gjer dette med han?

om produksjonen

Dette er mi fødselshistorie. Slik blei eg til. I Norge vaks eg opp med nynorsk som hovudmål i Sogn og Fjordane. Men i 2008 tok eg farvel med nynorsken og ville skrive bøker på bokmål. Etter tre bøker på bokmål, stoppa alt opp. Eg klarte ikkje å skrive meir. Ikkje før eg gjekk tilbake til nynorsken. Då klarte eg å skrive ungdomsromanen Så vakker du er, som blei tildelt Brageprisen i 2013.

Etter dette skjønte eg kor viktig det nynorske språket var for meg, og kort tett språk og identitet heng saman.

I prosjektet Kven er eg? snakkar eg om det å vere ungdom og adoptert, å vekse opp på ein gard i ei lita bygd, utan å vite kor eg kom frå. Om lengselen etter å vere ein annan enn ein odelsgut. Om korleis skrivingen var ein måte å finne ein veg ut av dette. Og korleis ei reise tilbake til fødelandet mitt, Sør-Korea, fekk meg til å forstå kvifor eg blei forfattar.

For kva rørte seg i hovudet til den to år gamle guten som blei funnen aleine på togstasjonen?
Det er det eg prøver å finne ut av. Og det er difor eg skriv.
Og ikkje minst: kor viktig nynorsken er for meg. Langt viktigare enn eg først hadde trudd.

om forfatteren

Brynjulf Jung Tjønn har skrive ni bøker for barn, ungdom og vaksne. Debuterte med romanen Eg kom for å elske på Samlaget i 2002. Debuterte med roman for barn i 2009, med I morgen skal vi sitte i solen på Cappelen Damm. Gav i 2011 romanen Kinamann, ein delvis biografisk roman om å det å vere adoptert. Blei tildelt Brageprisen i 2013 for Så vakker du er. Er i 2018 med ungdomsromanen Smadra på Flamme forlag.

Bur i Oslo. Jobbar til dagleg som forlagsredaktør for barn og unge i Samlaget.

 

Mer om Brynjulf Jung Tjønn i

Foto: Fredrik Arff

produksjonsfakta

Målgruppe
8 – 10. klasse

Produsent
Brynjulf Jung Tjønn og Den kulturelle skulesekken Sogn og Fjordane

Arena
Klasserom / grupperom

Teknisk krav
Prosjektor og lerret eller stor skjerm.

Programlengde
40 minutter. Maks to forestillinger pr. dag.

Elever
30 per forestilling

Opprigg / nedrigg
5 minutter

Pris DKS
Rammeavtalen med fylkesnettverket

Foto kan benyttes til promotering av forestillingen. Fotograf skal krediteres.

status

Mottaker av produksjonsstøtte 2017

kontaktinformasjon

Brynjulf Jung Tjønn
Telefon: 91 31 70 58
E-post: brynjulf@brynjulf.no