Presentasjon av dei lettleste ungdomsbøkene Gamer og Snatch. Her fortel eg korleis mi ekstreme interessere for dataspel førte til boka Gamer. Og korleis eg planla å kidnappe ei venninne av dotter mi i boka Snatch. Eit morosamt opplegg der det er lett å engasjere elevane i etiske diskusjonar rundt tematikken.
Om produksjonen
Med utgangspunkt i bøkene Snatch og Gamer i serien fortel forfattaren om korleis desse to bøkene blei til. Korleis han brukte si latterleg omfattande erfaring med dataspel då han skreiv Gamer. Og korleis han mentalt måtte bli ein skurk for å skrive Snatch. To erfaringar han ikkje ville vere forutan.
Elevane treng ikkje ha lese bøkene på førehand.
Tematikk som kan diskuterast i forkant er, til Gamer: Blir vi påvirka av dataspel? I så fall korleis? Er det farleg å bli avhengig av dataspel?
Og til boka Snatch: Kor langt er du villig til å gå for å hjelpe nokon du er glad i? Er det alltid moralsk feil å gjere noko kriminelt?
Om forfattaren
Tor Arve Røssland debuterte som forfattar i 1999 med den humoristiske barneboka Pode, og har sidan den gong gitt ut ei rekke bøker for barn og ungdom. Han har skrive grøssarar i serien Svarte-Mathilda, dystopisk science-ficton i Soledad, og krim i bøker som Gamer og Snatch. Han likar heile tida å utforske nye sjangrar.
Han seier sjølv at han likar å skrive bøker som han likar å lese, heilt uavhengig av kven bøkene måtte passe for når dei kjem ut.
I barndomen sprang han etter sauer på Røsslandsgarden, som ligg midt mellom bygda Sunde og industristaden Husnes. I nabohuset budde besteforeldra hans, og i nabohuset deira budde oldefar. Han leika utandørs med venner og syskenborn heile sommaren. Når det var dritvêr sat han inne og leika med Lego eller spelte dataspel på Commodore 64. Han høyrte mykje på radioteater og høyrespel. Han begynte eigentleg ikkje å lese bøker før han var i 13-14 årsalderen, men etter det las han mykje, og han har aldri tenkt å slutte!
Då han såg ET – The Extra Terrestrial på kino i 1982, fann han ut at å dikte historiar var noko han likte. Han fantaserte om å bli verdsberømt Hollywoodregissør, men då han fann ut kor mykje strev det var å lage film slo han seg til ro med diktekunsten.
Av utdanning har han blant anna hovudfag i filmvitenskap frå Universitetet i Trondheim, samt mellomfag i litteraturvitenskap og mediepedagogikk.
I tillegg til bøkene har han skrive skodespelet Huldra, som Vestlandske Teatersenter har sett opp heile to gonger.
Foto: André Soltvedt
Produksjonsfakta
Målgruppe
5. – 7. klasse
Produsent
Tor Arve Røssland
Arena
Klasserom / grupperom
Teknisk krav
Lerret/projektor eller smartboard
Programlengde
50 minutter. Maks tre forestillinger pr. dag.
Elever
Maks 100 per forestilling
Opprigg / nedrigg
5 minutter
Pris DKS
Rammeavtalen med fylkesnettverket
Foto kan benyttes til promotering av forestillingen. Fotograf skal krediteres.
Status
Tor Arve Røssland er en av våre mest brukte forfattere i skolen, og har turnert jevnlig i mange år. Les mer om dette på hans nesttside
www.forfattaren.no
Kontaktinformasjon
Tor Arve Røssland
Telefon: 92 45 13 21
E-post: tor-arve@online.no
Nettside: www.forfattaren.no