Kongen av Spitsbergen

Våren 1942 vart Spitsbergen frigjort frå Nazi-Tyskland, tre år før resten av Norge. Mannen bak bragda var Einar Sverdrup, gruvedirektøren som sjølv vart drepen under den utrulege aksjonen. Livet hans romma to store eventyr: gruvedrifta i Arktis og kampen mot nazismen.

om produksjonen

Svein Sæter er ein historieforteljar av rang. Det viser han i Kongen av Spitsbergen, der han med støtte i unike fotografi og filmopptak fortel ei dramatisk og gripande historie om den ukjente helten Einar Sverdrup. Produksjonen er også eit nærmøte med det fantastiske Svalbard. Dessutan blir sentrale tema frå første halvdel av 1900-talet løfta fram: arbeidsløyse, dei harde tredveåra, fascismen – og korfor i all verda var det så viktig for Norge å drive kolgruver langt oppe i Arktis?

om forfatteren

Svein Sæter frå Stangvik på Nordmøre er forfattar, kåsør og frilansjournalist. Han har skrive 20 faglitterære bøker og fem teaterstykke. Mange av bøkene har historiske tema, andre tar for seg så ulike emne som Etiopia, fotball, økologisk landbruk og sportsfiske.

Mer om Svein Sæter i

Foto: Gyldendal Norsk Forlag

produksjonsfakta

Målgruppe
8 – 10. klasse og 1. – 3. VGS (tilpassa opplegg)

Produsent
Svein Sæter

Arena
Klasserom / grupperom / sal

Teknisk krav

Programlengde
45 minutter. Maks tre forestillinger pr. dag.

Elever
200 per forestilling

Opprigg / nedrigg
5 minutter

Pris DKS
Rammeavtalen med fylkesnettverket

Foto kan benyttes til promotering av forestillingen. Fotograf skal krediteres.

kontaktinformasjon

Svein Sæter
Telefon: 47 84 70 17
E-post: svein@blomsterhaug.no