Har du ei heks i familien?
– Nei, svarer du sikkert, det finst jo ikkje hekser!
Du har sjølvsagt rett. Det finst ikkje hekser i verkelegheita. Ikkje trolldom heller. Men om du hadde leitt langt bakover i slekta di, kan det hende du hadde funne ei heks likevel.
Kanskje blei ho mistenkt for å drive med trolldom og brend på bålet her i Noreg, for fire hundre år sidan.
om produksjonen
Aina Basso har skrive to bøker for barn og ungdom om dei norske og europeiske hekseprosessane: ungdomsromanen Inn i elden (2012) og ei faktabok for barn og ungdom, Heksejakt og heksebrenning i Europa (2016).
I dette forfattarmøtet fortel ho kva som eigentleg skjedde under den store heksejakta i Europa, kva ein trudde ei heks var og gjorde – og kva som skjedde med den som blei mistenkt for å drive med trolldom.
Ho fortel også om arbeidet med å skrive historiske bøker, om det detektivarbeidet det er å jobbe med historiske kjelder og om korleis det er å vere forfattar.
Om det er ønske om det frå lærar eller elevar, kan ho også kome med nokre smarte skrivetips. Og ho vil gjerne ha spørsmål frå elevane!
om forfattaren
Aina Basso er frå Giske. Ho er utdanna historikar og debuterte som forfattar med ungdomsromanen Ingen må vite i 2008. Boka tek for seg blodskam – eller incest – på 1700-talet, men inneheld også ei kjærleikshistorie, ein lysare tråd i det mørke.
Seinare har ho gitt ut to bøker om hekseprosessane i Europa: ungdomsromanen Inn i elden (2012) om ei heksejakt i Finnmark på 1620-talet og ei faktabok for barn og ungdom med tittelen Heksejakt – og heksebrenning i Europa (2016), som gir eit overblikk over den europeiske heksejakta, fortel historier om verkelege hekser frå mange land og dreg linjer inn i vår eiga tid.
For Inn i elden blei ho nominert til Brageprisen i 2012, samt Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk Råds barne- og ungdomslitteraturpris i 2013. Boka er omsett til fransk og dansk og blei nominert til Prix Pépites for beste ungdomsbok i Frankrike i 2015.
Aina Basso har også skrive to romanar for vaksne om det norske romanifolket/ taterane på 1700- og 1800-talet, Fange 59. Taterpige (2010) og Finne ly (2014).
produksjonsfakta
Målgruppe
5. – 7., 8 – 10. og 1. – 3. klasse VGS (tilpasset opplegg)
Produsent
Aina Basso
Arena
Klasserom / grupperom
Teknisk krav
Tavle/ whiteboard/ flipover
Programlengde
45 minutter. Maks to forestillinger pr. dag.
Elever
30 per forestilling
Opprigg / nedrigg
5 minutter
Pris DKS
Rammeavtalen med fylkesnettverket
Foto kan benyttes til promotering av forestillingen. Fotograf skal krediteres.
status
Aina Basso har turnert i barne-, ungdoms- og vidaregåande skule sidan 2008, både i Noreg og i Norden.
2016: Litteraturhuset i Oslo (500 ungdomsskuleelevar)
2017: Litteraturfestivalen på Lillehammer (200 elevar mellom 5. og 7. trinn)
Mottaker av produksjonsstøtte for litterære produksjoner 2017.
kontaktinformasjon
Aina Basso
Telefon: 97 16 50 30
E-post: aina.basso@gmail.com