Engel i snøen

Det er vinter, og det snør, men ikkje alle er ute og leikar i snøen. Nokon orkar berre å stå ved vindauget og sjå ut på snøkrystalla.
Nokon vil ikkje at pappa skal vite at ein har vondt, sjølv om pappa veit at ein er sjuk, veldig sjuk. Nokon har snart bursdag.
Nokon skal snart døy.

Om produksjonen

Utdrag fra boken:

– Det er ikkje lenge til no, sa Idun.

– De treng ikkje laga til noko for meg, sa eg.

Idun smilte.

– Klart me skal det, sa Idun.

– Nei, det går bra, sa eg.

– Er du redd det skal bli for mykje styr for deg?

Eg nikka svakt.

– Har du veldig mykje vondt?

Eit nytt nikk.

– Men ikkje sei noko til pappa, sa eg.

AndersTotland_Engelisnoen_01_forside

Om forfatteren

Anders Totland er utdanna kokk og samfunnsvitar, jobbar som journalist og organist, og held også føredrag om matauk. Han debuterte med barneboka Vampyrane i Eplehagen hausten 2015, og våren 2016 kom ungdomsboka Engel i snøen ut. Boka er så langt selt til Danmark, og Foreningen !les har brukt utdrag av boka både i årets txt-aksjon, Panser, og i neste års Tid for ti-kampanje. Når han ikkje jobbar, kokar han kaffi i skogen og fortel skrøner til ungane.

Mer om Anders Totland i
forfatterkatalogen

Foto: Marius Knutsen

produksjonsfakta

Målgruppe
8 – 10. klasse og 1. – 3. klasse VGS (tilpasset opplegg)

Produsent
Anders Totland

Arena
Klasserom / grupperom / sal

Teknisk krav
Piano og mygg/mikrofon

Programlengde
45 minutter. Maks tre forestillinger pr. dag.

Elever
100 per forestilling

Opprigg / nedrigg
5 minutter

Pris DKS
Rammeavtalen med fylkesnettverket

Foto kan benyttes til promotering av forestillingen. Fotograf skal krediteres.

kontaktinformasjon

Anders Totland
Telefon: 462 96 458
E-post: totlanders@gmail.com