Dei verkelege sjørøvarane

Kven var dei, og kva var det som gjorde at enkelte søkte eit liv som lovlaus på havet?

Om produksjonen

Gjennom arbeidet med boka «Norske sjørøvarar – om plyndring og kapring i norske farvatn» har Anders Totland gjort eit djupdykk i pirathistorie. Det handlar om maktkamp og røving, om kolonisering og krig. Men ikkje minst handlar det om korleis heilt vanlege menneske har enda på utsida av samfunnet, og kva utanforskapen har drive dei til.

Om forfatteren

Forfattar Anders Totland. Foto: MARIUS KNUTSEN

Anders Totland er utdanna kokk og samfunnsvitar, jobbar som journalist og organist, og held også føredrag om matauk. Han debuterte med barneboka Vampyrane i Eplehagen hausten 2015, og våren 2016 kom ungdomsboka Engel i snøen ut. Boka er så langt selt til Danmark, og Foreningen !les har brukt utdrag av boka både i årets txt-aksjon, Panser, og i neste års Tid for ti-kampanje. Når han ikkje jobbar, kokar han kaffi i skogen og fortel skrøner til ungane.

Produksjonsfakta

Målgruppa er vaksne, og foredraget kan bli formidla i bibliotek og festival på dag- eller kveldstid.

Dei varer 60-90 minutt, alt etter kva oppdragsgjevar ønsker.