Brevet frå krigen

Jorun var 12 år då krigen starta, då bombefly flaug over flaggstonga i hagen og rett over huset. Livet på ferieidyllen Lindøya i Oslofjorden vart aldri det same. Frå kjøkkenvindauget var Jorun vitne til den tyske invasjonen 9. april 1940, ho såg allierte fly som slapp bomber over Oslo sentrum og Donau som segla sakte forbi med dei norske jødane på veg til Tyskland.

om produksjonen

Produksjonen tek utgangspunkt i sakprosaboka Brevet frå krigen (Samlaget, 2017), der 89 år gamle Jorun fortel om opplevingane sine under oppveksten på Lindøya i Oslo frå 1940-1945. Jorun og foreldra hennar var ein av fleire familiar som var fastbuande på øya under krigen. Gjennom opplevingane til Jorun vert sentrale sider av norsk okkupasjonshistorie skildra, men vi får også vite korleis det er å vekse opp i krig.

Ved hjelp av foto, forteljing og enkle skriveoppgåver kjem vi tett på korleis det er å vere i ungdomsskulealder og leve i frykt for at huset ditt, øya di og byen din skal bli bomba.

Eg visste ikkje kva krig var. Ikkje før bombeflya kom over huset vårt. Ikkje før soldatar tok skulen vår, og folk vart sett i fengsel. Eg kunne ikkje lenger stole på nokon, ikkje på naboen, ikkje på onkelen min, og ikkje på veninna mi. Den dagen tyskarane kom, forstod eg kva krig var. Då forstod eg at alle kan døy. Eg også.

om utøveren

Forfattar Ingunn Røyset debuterte som barnebokforfattar i 2012 med biletboka Prins Storm i samarbeid med illustratør Annlaug Auestad. Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen kom ut i 2014. Oppfølgjaren Aldri fred å få kom ut i 2015. I 2017 kom Brevet frå krigen, ei sakprosabok som også handlar om andre verdskrigen. Alle bøkene er utgitt på Samlaget.
Ingunn Røyset har ein mangfaldig yrkesbakgrunn som stylist, journalist og landbruksavløysar. Ho bur på Flø på Sunnmøre.

Mer om Ingunn Røyset i

Foto: Hugo Opdal

produksjonsfakata

Målgruppe
8. – 10. klasse

Produsent
Ingunn Røyset / Nina Elisabeth Bøe.

Arena
Klasserom / sal / aula. Blending nødvendig.

Teknisk behov
Projektor

Programlengde
45 – 60 minutter. Maks tre forestillinger per dag.

Elever
40 – 50 per forestilling.

Opprigg/nedrigg
10 minutter.

Pris DKS
Rammeavtalen med fylkesnettverket.

Foto kan benyttes til promotering av forestillingen. Fotograf skal krediteres.

status

Mottaker av produksjonsstøtte 2017.
2017: DKS Bergen og Møre og Romsdal

kontaktinformasjon

Ingunn Røyset
Telefon: 41 33 62 36
E-post: ingunn.royset@tussa.com