Fredag deltok Forfattersentrum i ein diskusjon på Twitter om opplesing i digitale sendingar der opplesaren ikkje er forfattaren sjølv. Mange svarte samtidig på kvarandre sine svar, og tråden vart kjapt uoversikteleg. Vi vil derfor oppsummere våre standpunkt under.
Utgangspunktet for diskusjonen var følgande: Norsk Forfattersentrum krev at biblioteka avklarar opphavsrett med forfattar og evt. forlag i forkant når dei legg ut opplesingar av heile eller deler av eit verk på nett.
Etterkvart framstod det i andre sine svar også som om vi legg hindringar for bokpresentasjonar og liknande opplegg der bibliotekarar formidlar norsk samtidslitteratur. Det stemmer sjølvsagt ikkje. Norsk Forfattersentrum elskar biblioteka! Utan innkjøpsordninga og formidlinga bibliotekarar over heile landet gjer kvar dag, hadde norsk samtidslitteratur vore fattigare både kvantitativt, kvalitativt og økonomisk. Skal ein litteraturformidlar presentere bøker og sitere frå eit verk for å illustrere poenget sitt, er det sjølvsagt gratis, og hen treng ikkje å avklare med forfattar og forlag.
Utover sitatretten
Skal du lese opp større bitar av eit verk, eller heile verket, skal det derimot avklarast med forfattar og evt. forlag. Vi vil minne om at verken opphavsretten eller sitatretten er oppfunne av Norsk Forfattersentrum. Når vi presierer at bibliotek må kontakte forfattarane før dei bruker åndsverket deira digitalt, er det slik det norske lovverket er. Forfattar og forlag er i sin fulle rett til å godta vederlagsfri framføring, men Norsk Forfattersentrum anbefalar midlertidig eit minstehonorar på 300 kroner for ei opplesing som blir strøyma éin gong, og minum 750 kroner for ei opplesing som blir liggande ute.
Du kan lese meir om våre midlertidige anbefalingar for digitale opplesingar her!
Analog vs. digital
Noko som bidrar til forvirring i denne saka, er at biblioteka i alle år vederlagsfritt har framført både lengre utdrag og heile bøker på eventyrstunder og andre opplesingsarrangement. Dette er mest sannsynleg eit brot på opphavsretten, men nettopp av hensyn til bibliotekøkonomien og ønske om formidling, har det i stor grad vore ein stilltiande aksept for praksisen i bransjen.
Vi i Forfattersentrum kjem ikkje til å legge oss opp i desse vederlagsfrie opplesingane i det fysiske biblioteket, men det er sjølvsagt mogleg at andre opphavsrettsorganisasjonar vil ta initiativ til eit system for å handtere desse opphavsrettane i framtida (t.d. eit TONO for opplesing av tekst på scene). I diskusjonen på Twitter framstår det, muligens meint som ein spøk, at vi kan komme til å kreve etterbetaling for opplesingar gjort i det fysiske biblioteket tidlegare. Det har vi sjølvsagt ingen planar om!
Det vi ønsker å utarbeide, og som vi i går sende ut ein e-post til biblioteka om, er eit fast rammeverk for å ta vare på opphavsretten på digitale flater. Koronakrisa har flytta den nemnde gratispraksisen over på nett, og det kan vi ikkje leve med. Vi opplever til dømes at opplesingar av heile barnebøker ligg ute på YouTube utan at forfattar og forlag har blitt kontakta i forkant. Her har biblioteka har vore svært samarbeidsvillige når det gjeld å få til gode løysingar som sikrar opphavsretten til forfattarane.
Til slutt: Eit motargument som ofte dukkar opp mot vederlag for opplesing av tekst, er at formidlinga vil fungere som reklame. Det stemmer nok ofte. Det er også bra reklame for Sigrid når Idol-deltakarane framfører Don’t Kill My Vibe i beste sendetid fredag kveld, men det fritar ikkje TV 2 frå å betale TONO-avgift.