Nye Ordknappar delt ut

Ordknapp-mottakarane Mariangela Di Fiore, Cathrine Trønnes Lie, Harald Nortun, Eli Lea (ikke tilstede), Åse Ombustvedt, Inga H. Sætre, Selma M. Yonus, Ewelina Baj, Haile Bizen Abraha, Ellen J. Lerberg, Anne Kristin Aasmundtveit, Jenny Leite-Vikra, Marte Espevik, Ali Hayder, Øyvind Torseter og Johanne Fronth-Nygren. Foto: Leser søker bok

 

Leser søker bok deler kvart år ut merket Ordknappen til forfattarar som skriv for lesarar «som les i motvind». Listene over Ordknapp-mottakarar kan vere eit godt utgangspunkt for bibliotekarar, lærarar og andre som er på jakt etter forfattarar som har erfaring med å nå ulike typar lesarar med ulike behov for tilrettelegging.

Ordknappen går til både forfattarar, illustratørar, omsetjarar og teikneserieskaparar, og er altså meint å vere «et bevis på at mottakeren med rette kan kalle seg ‘autorisert forfatter for alle’» som Leser søker bok skriv på sine nettsider. Fleire av årets vinnarar er medlemmer i Norsk Forfattersentrum og mulig å kontakte via Forfatterkatalogen:

Alle mottakarane både for 2022 og tidlegare år, finn du på nettsidene til Leser søker bokDer finn du også grundige grunngivingar som kan hjelpe deg med å få oversikt over kompetansen til dei ulike forfattarane.