Minstesatsane med forklaringar

Minstesatsar Digitale minstesatsar Oppdrag i skulen utanfor DKS Oppdrag i skulen innanfor DKS

Kort opplesing (under 30 minutt): frå kr 3 100
Forfattaren les frå si eiga bok eller tekst. Forfattaren kan gjerne presentere opplesinga kort. Om forfattaren blir invitert til å fortelja om ei bok eller forfattarskapet sitt, bruker ein satsen for forfattarbesøk / lang opplesing. Om forfattaren er den einaste deltakaren og har det berande ansvaret for innhaldet i arrangementet, bruker ein satsen for forfattarbesøk / lang opplesing.

Forfattarbesøk / lang opplesing (under 60 minutt): frå kr 4 100
Forfattaren fortel om ei eller fleire av bøkene sine eller kva som inspirerer skrivinga. Forfattarbesøket vekslar gjerne mellom presentasjon og bolkar med opplesing. Arrangementet kan òg vera forma som ei lang opplesing. Forfattaren les frå si eiga bok eller tekst. Nokre forfattarar opnar for spørsmål frå publikum.

Kåseri: frå kr 6 200
Forfattaren kåserer om eit tema eller ei sak. Kåseriet er godt førebudd, det har eit munnleg preg og treng ikkje å ha eit skriftleg manus. Om deltakinga krev eit utførleg og nyskrive manus, bruker ein satsen for originalskrive foredrag.

Foredrag – originalskrive: frå kr 10 000
Foredraget er skrive spesielt for arrangementet. Eit skriftleg gjennomarbeidd manus dannar grunnlag for framføringa. Publisering av manuset i skriftleg form skal honorerast i tillegg. Satsen kan òg brukast til å honorere spesialbestilte taler, festtaler og liknande.

Foredrag – gjenbruk: frå kr 6 200
Forfattaren framfører eit foredrag som er brukt tidlegare. Om forfattaren må skrive mykje nytt stoff eller gjera om på vinklinga, bruker ein satsen for originalskrive foredrag.

Litterær samtale – deltakar: frå kr 5 100
Ein eller fleire forfattarar blir invitert til å samtale om ei bok, forfattarskapet eller litterære tema. Ein samtaleleiar stiller spørsmål og styrer tida. Bolkar med opplesing kan inngå i samtala. Om to forfattarar blir bedne om å leie samtala sjølve og ha likeverdig fokus på kvarandre, honorerer ein båe med satsen for samtaleleiar.

Litterær samtale – samtaleleiar: frå kr 6 700
Ein samtaleleiar møter ein eller fleire forfattarar til samtale om forfattarane sine bøker, forfattarskap eller litterære tema. Bolkar med opplesing kan inngå i samtala. Samtaleleiaren har ansvar for å førebu spørsmål og å styre tida. Det er ynskeleg at samtaleleiaren tek kontakt med deltakarane i førekant av arrangementet for å skissere ein plan for samtala og svara på eventuelle spørsmål.

Om to forfattarar blir bedne om å leie samtala sjølve og ha likeverdig fokus på kvarandre, honorerer ein båe med satsen for samtaleleiar. Om deltakinga krev inngåande forarbeid, for eksempel at samtaleleiaren bør lesa seg opp på fleire bøker for kvar deltakar, skal ein bruke satsen for litterær samtale med djupdykk.

Litterær samtale med djupdykk – samtaleleiar: frå kr 9 800
Ein samtaleleiar møter ein eller fleire forfattarar til samtale om forfattarane sine bøker, forfattarskap eller litterære tema. Bolkar med opplesing kan inngå i samtala. Samtaleleiaren har ansvar for å førebu spørsmål og å styre tida. Satsen blir brukt for oppdrag som krev inngåande forarbeid, for eksempel at samtaleleiaren må lesa seg opp på fleire bøker eller setja seg grundig inn i ein tematikk eller eit heilt forfattarskap.

Paneldebatt – deltakar (minst 3 deltakarar): frå kr 3 200
Tre eller fleire deltakarar møter kvarandre til ordskifte om eit på førehand bestemt tema eller sak. Deltakarane argumenterer for ein ståstad eller ei meining. Korte saksinnlegg kan inngå i debatten. Debatten har ein leiar som styrer diskusjonen. Om deltakinga krev inngåande forarbeid, for eksempel lengre saksinnlegg eller mykje research, skal dette avklarast og honorerast høgare.

Paneldebatt – leiar: frå kr 5 200
Leiaren for paneldebatten styrer ordskiftet mellom tre eller fleire deltakarar. Debatten tek gjerne opp ulike sider ved eit aktuelt tema eller ei sak. Om deltakinga krev inngåande forarbeid, for eksempel mykje research eller ein lang introduksjon, skal dette avklarast og honorerast høgare.

Vert: frå kr 3 000
Verten innleier og ynskjer velkomen til arrangementet. Deltakarane blir presentert heilt kort med namn og tittel på boka det skal lesast frå. Det er ikkje forventa at verten les seg opp på bøker eller tekstar av deltakarane.

Konferansier: frå kr 5 200
Konferansieren ynskjer ofte velkomen til arrangementet, formidlar praktisk informasjon, bind saman programpostane og introduserer deltakarane med korte innlegg, gjerne forma med eigne ord. Om oppdragsgjevaren ynskjer at konferansieren les seg opp på bøker av deltakarane eller går i samtale med deltakarane, klarlegg ein dette i invitasjonen og bruker satsen for leiar av litterær samtale eller satsen for programleiar.

Programleiar: frå kr 10 000
Rolla krev gjerne omfattande forarbeid som for eksempel å gå i dialog med oppdragsgjevaren, skrive presentasjonar, sjå samanhengar og binde saman programpostane til ein større heilskap.

Skrivekurs – inntil 2 timar: frå kr 4 200
Om skrivekurset varar lengre enn 2 timar med den same gruppa den same dagen, legg ein til satsen som gjeld per ekstra time. Om skrivekurset fortset ein annan dag eller forfattaren møter ei anna gruppe same dag, bruker ein på nytt satsen for skrivekurs inntil 2 timar.

Skrivekurs – per ekstra time (same gruppe same dag): frå kr 1 500
Gjeld per ekstra time med same gruppe den same dagen.

Tekstbidrag etter avtale
Norsk Forfattersentrum kan fakturere honorar for tekstbidrag som bokmeldingar, kronikkar, artiklar, bidrag til aviser, blad og tidsskrift. Honoraret må avklarast mellom oppdragsgjevar og forfattar i kvart enkelt tilfelle. Norsk journalistlag, Norsk kritikerlag og Dramatikerforbundet har rettleiande satsar som det kan vera nyttig å sjå på.

Lov om opphavsrett til åndsverk mv. (åndsverkloven)

Bruk av tekst (når andre enn forfattaren les opp): frå kr 300
Bruk av tekst skal alltid godkjennast av rettshavar i forkant. Når andre enn forfattaren les opp ein tekst, skal det betalast vederlag til forfattaren. Om det blir brukt mykje tekst eller teksten blir omarbeidd og teke inn i ein større produksjon eller forestilling, skal dette avtalast særskild og honorerast høgare. Forfatterforeningane og -organisasjonane er i ein prosess med m.a. Bibliotekforeningen om gode overordna ordningar kring åndsverk og vederlag, som skal bidra til ei auke i litteraturformidlinga på bibliotek.

Bruk av illustrasjonar (når andre enn illustratøren er formidlar): frå kr 300
Bruk av illustrasjonar skal alltid godkjennast av rettshavar i forkant. Når andre enn illustratøren er formidlaren, skal det betalast vederlag til illustratøren. Om det blir brukt mange illustrasjonar eller dei blir omarbeidd og teke inn i ein større produksjon eller forestilling, skal dette avtalast særskild og honorerast høgare.

Konsulentuttale – manus under 200 sider: frå kr 4 200, manus over 200 sider: frå kr 6 200
Forfattarar kan hyrast inn som manuskonsulentar. Konsulenten gjev tilbakemelding på eit heilt manus eller delar av eit manus som er under arbeid. Norsk Forfattersentrum kan hjelpe manusforfattaren med å finne riktig manuskonsulent.

Ei konsulentuttale er som regel 1–3 sider lang. Konsulentuttala inneheld tilbakemelding på eit overordna plan, gjerne med korte analysar av:
• innhald og tematikk
• oppbygging og forteljartekniske grep
• språklege verkemiddel
• kva som er interessant eller vellykka ved manuset
• kvalitet med tanke på utgjeving på eit forlag
• viktige forbetringspunkt

Det vil variere kva manuskonsulenten legg vekt på i uttala. Nokre konsulentar vel å skrive enkelte kommentarar direkte i manuset, men det er ikkje forventa. Om det er noko manusforfattaren ynskjer at manuskonsulenten ser spesielt på, så er det lurt å forklare dette på førehand. Manus skal ha 12 punkt skrift, dobbel lineavstand og 2,5 cm marg.

Konsulentuttale – tillegg for munnleg tilbakemelding eller møte: frå kr 1 500
Om manuskonsulenten gjev manusforfattaren munnleg tilbakemelding eller diskuterer manuset i eit møte, skal dette honorerast i tillegg til konsulentuttala.

Våre faste vilkår i avtaler Her kan du melde inn oppdrag