Massiv støtte til Norsk Forfattersentrum i budsjetthøyring

Dagleg leiar i Norsk Forfattersentrum, Ingvild Christine Herzog, på budsjetthøyring på Stortinget. Faksimilie frå Stortinget TV.

 

Ei rekke organisasjonar trekte spesielt fram Norsk Forfattersentrum i ettermidagens budsjetthøyring i Familie- og kulturkomiteen.

Leiar for Litteraturhuset i Oslo, Susanne Kaluza, starta sitt innspel med å seie at ho ville løfte fram «ein organisasjon som vi innimellom kranglar med, Norsk Forfattersentrum.»

– Når Litteraturhuset skal invitere forfattarar inn er det Forfattersentrum som set standarden for kva det kostar oss, forklarte Kaluza. – Og det kan jo vere utruleg irriterande. Særleg når våre eigne inntekter går opp i røyk med gaveforsterkningsordninga og høgare straumprisar. Men jobben Forfattersentrum gjer, er viktigare enn nokon gong. Dei siste åra har fleire uprofesjonelle aktørar komme til, men til trass for at jobben til Norsk Forfattersentrum har blitt stadig større og meir kompleks, har midla hatt ei realnedgang over mange år. Litteraturhuset synest det er flott at budsjettet inneheld auka støtte til litteraturorganisasjonar, men vi reagerer på at Norsk Forfattersentrum er utelate.

– Støtta til leseorganisasjoane må inkludere Norsk Forfattersentrum
Som ein start på den kommande leselyststrategien foreslår regjeringa i budsjettet sitt å auke støtta til Foreningen !les, Leser søker bok og Norsk barnebokinstitutt med ein ekstra million kroner til kvar av organisasjonane.

– Vi foreslår at familie- og kulturkomiteen ber regjeringa om at støtta til leseorganisasjonane også inkluderer Norsk Forfattersentrum, sa nestleiar for Norske barne- og ungdomsbokforfattere (NBU), Sanne Mathiassen, i sitt innlegg.

I tillegg til Litteraturhuset i Oslo og NBU, uttrykte også Den norske Forfatterforening, Foreningen !les, Bokhandlerforeningen, Norsk Bibliotekforening, Leser søker bok og Grafil alle støtte til budsjettsøknaden frå Norsk Forfattersentrum.

Redd for breidda
Dagleg leiar i Forfattersentrum, Ingvild Christine Herzog, var også på Stortinget i ettermiddag. I sitt innlegg til Familie- og kulturkomiteen sette ho ord på kvifor Norsk Forfattersentrum ber om auka støtte til administrasjon. Samstundes som omsetninga og oppdragsmengden, og med det arbeidsmengden, til Norsk Forfattersentrum har stige kraftig det siste tiåret, har organisasjonen opplevd ein realnedgang i tilskotet frå staten:

– No har vi gjort så mange grep for å greie oss at vi går inn i 2023 med to ubesette stillingar.

Herzog nemnde sakprosaformidling og kursing av forfattarar som døme på sider ved arbeidet administrasjonen må prioritere ned.

– Vi er også bekymra for korleis vi skal handtere leselystarbeidet.

Herzog peikte på at forfattarrolla har endra seg og at stadig fleire forfattarar tjener meir på formidling enn sal av bøker. Forfattersentrum er garantisten for at forfattarane tener pengar på denne verksemda:

– Vi er bekymra for at forfattarar ikkje skal ha råd til å skrive, og vi treng bøkene til alle, uavhengig av kven dei er, kva ståstad dei har, kor dei kjem frå.