Kom deg på skoleturné med DKS littlab!

Forfattar Mari Moen Holsve saman med elevar/medprodusentar under DKS littlab 2022 i Skien. Foto: Kulturtanken

Vil du på turné i Den Kulturelle Skolesekken (DKS), men har ikkje klar ein ferdig produksjon å turnére med? No har du ein unik mulighet til å utvikle eit formidlingsopplegg i samarbeid med andre forfattarar, produsentar og litteraturansvarlege i DKS og, ikkje minst, elevar i målgruppa.

DKS littlab er eit samarbeid mellom alle DKS-fylkesadministrasjonane i landet, Sølvåren Ibsen formidlingssenter, Appelsinia litteraturfestival og Kulturtanken. Årets utgåve blir den tredje, og årets tema er Andre formidlingsformer:

«Vi søkjer deg/de som:

  • Har ein produksjonsidé til eit uferdig prosjekt, og som du/de ønskjer innspel på frå fagfellar, DKS-produsentar og elevar.
  • Har ein produksjonsidé som kanskje går ut over det tradisjonelle forfattarbesøket i ein tradisjonell klasseromssituasjon.

Vi ønskjer søknader frå forfattarar, formidlarar og utøvarar som vil jobbe med eit breitt litterært utgangspunkt. Det er ikkje eit krav at ei bok må liggje til grunn for prosjektet, men det må gi elevane ei litterær oppleving. Ei oppleving som kan bli eit unikt litterært møte som elevane vil hugse i fleire år framover.» (kulturtanken.no)

Samling i Skien
Hovudsamlinga blir 18., 19. og 20. april 2023 i Skien. Her vil dei utvalde forfattarane og formidlarane få hjelp av fagfeller, produsentar og litteraturansvarlege i DKS til å «spissa idear, velgje metodar, utvikle formidlinga, beskrive prosjekta og komme langt på veg mot ein ferdig DKS-produksjon», for så å teste ideane på elevar i den aktuelle målgruppa.

Visning på Appelsinia
Dei ferdige produksjonane vil bli viste for elevar under Appelsinia litteraturfestival hausten 2023 (25.-28. september). Det er også eit sterkt ønske frå arrangørane om at dei ferdige produksjonane blir melde inn i Den kulturelle skulesekkens felles søknadsportal, DKS-portalen (frist 1. oktober).

Honorar
Alle deltakarar får sjølvsagt dekt reise, diett og overnatting, og alle deltakarar blir honorerte med DKS-dagshonorar (5342 kr per dag) for dei tre dagane i Skien. Om det er behov for ytterlegare arbeid med produksjonen fram mot visning på Appelsinia, vil dette også bli honorert, medan visning på Appelsinia blir honorert av festivalen.

Les meir og søk DKS littlab på kulturtanken.no!