Kjell Askildsen er død

Foto: Nils Petter Lotherington

Det er med sorg vi har motteke meldinga om at Kjell Askildsen er død.

Askildsen vil først og fremst bli hugsa som den store novellemeisteren i norsk litteratur, men han spelte også ei sentral rolle i etableringa av Norsk Forfattersentrum. Først ved å aktivt støtte Einar Øklands forslag om å opprette ei «arbeidsformidling» for forfattarar, sidan som styreleiar og dagleg leiar gjennom vanskelege oppstartsår tidleg på 1970-talet.

I Forfattersentrum blir Askildsen hugsa som ein heiderleg og rettskaffen mann, ein leiar som ville alle vel, og som skapte det den unge organisasjonen trengte mest av alt på denne tida: Stabilitet. Innsatsen Askildsen la ned saman med Økland, Tor Obrestad, Bjørn Nilsen og Arnljot Eggen, er ein føresetnad for at norske forfattarar i dag har eit ekstra økonomisk bein å stå på ved sida av bokinntekter og stipend. For det er vi han evig takksam!

Vi lyser fred over Kjell Askildsens minne.