kenny-eliason-Ak5c5VTch5E-unsplash

Fekk du ikkje eit skrivekurs til jul?

No er det dessverre for seint å få skrivekurs som julegåve, men fleire av vårens kurs er framleis opne for påmelding!

Under finn du nokre av dei kommande kursa frå Norsk Forfattersentrum.

Skriveworkshop med Amalie Kasin Lerstang
Amalie Kasin Lerstang debuterte i 2014 med romanen Europa, som ho mottok Tarjei Vesaas debutantpris for. I 2018 følgde ho opp med diktsamlinga Vårs som vart tatt i mot med jubel og nominert til LOs litteraturpris. Lerstang har også undervist på Forfatterstudiet i Bø og på tekstlinja på Westerdals. Informasjon om skriveverkstaden finn du her!

Amalie Kasin Lerstang. Foto: Kristine Helliesen

Skrive- og inspirasjonskurs med Jan Kjærstad
Jan Kjærstad er klar for ein ny runde av sitt populære skrivekurs, og vi lovar to kveldar spekka med matnyttige skrivetips frå ein engasjert og kunnskapsrik formidlar. Perfekt for deg som treng startkablar og inspirasjon til eiga skriving! Påmelding her!

Oppfølgingskurs med Jan Kjærstad
Har du delteke på skrivekurs med Jan Kjærstad tidlegare? 30. og 31. januar arrangerer vi oppfølgingskurs. Les meir om det her!

Kurs i essayskriving med Marit Eikemo
På dette skrivekurset i Bergen vil Marit Eikemo vise kva for slags litterære og språklege verkemiddel som skal til for å skrive eit vellykka essay.
Kurset går over to kveldar i februar. Sjå meir her!

Gratis skrivekurs for ungdom med Aksel Selmer i Kristiansand
Har du lyst til å bli bedre til å skrive? Bli med på skrivekurs med forfatter Aksel Selmer 21. og 22. januar! Påmelding her!

Toppfoto: Kenny Eliason on Unsplash.