Dei Litterære Festspela 2019 – Festspeldiktar Brit Bildøen

Korleis uttaler ein Brit Bildøens fornamn? Det er eit dra-ord med lang i, men det er det lett å gløyme, så mange køyrer på med sprett i konsonantane kvar gong dei seier noko til eller om henne. Og det er det jo mange som gjer. Ikkje berre er Brit Bildøen ein av Norges beste forfattarar, ho har også vore konsulent på Det Norske Samlaget i ei årrekke, site i styret til norske PEN, jobba i «Leser søker bok» og engasjert seg i Forfatternes klimaaksjon.

 

Foto: Tove Breistein, Design: Tønnes H. Gundersen

Det er ikkje uvanleg å uttale Brit Bildøens fornamn som Britt. Men ingen har høyrt henne verken klage eller protestere på dette, og det kjem vel av at ho har eit slikt mildt og behageleg vesen, at ho er snill og lun og sjølvoppofrande i litteraturen og ytringsfridomens teneste. Då romanen Mitt milde vesen kom ut i 2006, avslørte Bildøen at dette var noko ho fekk høyre ofte, at ho hadde eit slikt mildt vesen. På spørsmål frå Klassekampens journalist om romanen var sjølvbiografisk, eventuelt ein reaksjon på dette, sa Brit Bildøen nei. Det var berre det at ho hadde fått høyre det så ofte, og at ho tenkte det var ei fin setning som kunne brukast som romantittel. Likevel slutta ho intervjuet med å vedgå at det kunne vere irriterande å stadig høyre at ho er så mild: ”– Sier du det til en mann, er det nesten snakk om en kastrering, ikke sant? Jeg vil ikke være den milde. Fra nå av skal jeg være uforutsigbar og umulig!”

Og kanskje var ho det i sine neste to utgjevingar? Litterær salong frå 2009 vart i alle fall lansert på kvinnedagen med påstanden ”kvinners bøker teller ikke med” (Aftenposten, 4. Mars 2009). Brit Bildøen hevda då at kvinnelege forfattarar ikkje blei sett på same måte som menn, at dei ikkje fekk like mykje omtale, at dei ikkje like ofte blei nominerte til prisar og at dei risikerte misnøye frå store delar av kultureliten dersom dei fekk prisar – slik Elfride Jelinek opplevde då ho mottok Nobels Litteraturpris i 2004. Som svar på dette gav Bildøen ut ei samling tekstar om viktige kvinnelege forfattarar, blant andre Gertrude Stein, Carol Shields og Halldis Moren Vesaas. I det siterte intervjuet med Aftenposten, blei ho spurt om kvinners manglande sjølvtillit kunne vere ein del av problemet: ”Det er mulig vi må være mer skamløse og tydelige. Både når vi skriver og når vi presenterer oss i det offentlige rom. Gertrude Steins stormannsgalskap er kanskje ikke så sjarmerende, men den er absolutt noe å strekke seg etter.”

Brit Bildøens to siste utgjevingar, romanane Sju dagar i august frå 2014 og Tre vegar til havet frå i år, tematiserer kvinners framtoning – og kvinners sinne. Begge beskriv livskriser med påfølgjande sterke reaksjonar frå hovudpersonane. Det er eit kraftig og talande bilete når Sofie i Sju dagar i august , kallar rosetoga etter 22. juli for «å feste eit lite Hello Kitty-plaster over eit gapande sår», og boka viser også Sofies store, undertrykte sinne etter å ha mista eit barn på Utøya. Kvinna i årets roman, Tre vegar til havet, reagerer på eit avslag på adopsjonssøknad med å forfølgje og terrorisere sakshandsamaren.

Sjølv om Brit Bildøen skriv om ei kvinne som lempar ein død katt på dørstokken til ein byråkrat, inviterer bøkene hennar først og fremst til refleksjon, ikkje emosjon. Dei er litterært solide, gjennomtenkte og sobre. Brit med lang i er ein sofistikert forfattar, som behandlar sine tema med språkleg og strukturell sikkerheit. Forfattarskapen er ikkje mild, men han sprett ikkje uføreseieleg rundt som ein ball heller.

Vi er stolte av å presentere Brit Bildøen som Festspeldiktar for Dei Litterære Festspela i 2019.

For Arbeidsutvalet, Olaug Nilssen

Her finn du liste over alle Festspeldiktarane frå 1988-2019 

Program

FREDAG 24. MAI
Lille Ole Bull Scene kl. 19.00

GULLREKKA

Brit Bildøen presenterer sine gjester Marit Eikemo, Ruth Lillegraven og Agnes Ravatn. Forfattarane les frå eigne bøker og snakkar om alle fordelane ved å vere kvinneleg nynorskforfattar.
Musikarane Kari Harneshaug og Kyrre Laastad framfører Patti Smith på nynorsk (gjendikta av Bildøen, Ravatn og Hovland).

(Olaug Nilssen har meldt fråfall grunna sjukdom)

Bill. kr 200/170 (stud.) inkl. bill. avgift

LAURDAG 25. MAI
Lille Ole Bull Scene kl. 14.00

NÆRBILDE

Eit uformelt møte med Bildøen der vi kjem nært på forfattarskapen hennar. Kaja Schjerven Mollerin samtalar med Festspeldiktaren.

Bill. kr 200/170 (stud.) inkl. bill. avgift

LAURDAG 25. MAI
Lille Ole Bull Scene kl. 19.00

BOKSJOV

Litterær og musikalsk kabaret
Programleiar: Linda Eide
Miniintervju, opplesingar og smakebitar frå kabareten Gertrude og Alice og kunsten å leve.
Litterære gjester: Mona Høvring, Ragnar Hovland og Festspeldiktar Brit Bildøen.
Musikalske gjester: Rune Klakegg (piano), Cecilie Schilling
og Nina Gromstad (song).
Gertrude og Alice og kunsten å leve er basert på samlivet til forfattaren Gertrude Stein og partnaren Alice B. Toklas. Bildøen har skrive songane til kabareten og Rune Klakegg har skrive musikken.

Bill. kr 200/170 (stud.) inkl. bill. avgift

Billettsal frå 8. april 2019

hos Norli Strandgaten, tlf: 40434544 eller e-post: strandgaten@norli.no, på ticketmaster.no eller i døra.
Norli sel forfattaranes bøker under arrangementa.

Linda Eide

Linda Eide, foto: Kristian Helgeland Hauge

Foto: Kristian Helgeland Hauge

Linda Eide er nok kjent for dei fleste som programleiaren som får deg til å le av vitsar om språket vårt. Og, det med rette, men Eide er også forfattar og journalist. Ho har fått fleire utmerkingar, og blei mellom anna tildelt Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2006. Eide er aktuell med tv-showet Eides språksjov på NRK.

Marit Eikemo

Marit Eikemo, foto: Agnete Brun

Foto: Agnete Brun

Eikemo har fartstid som journalist, redaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, og er no – i tillegg til å vere forfattar – leiar for Cornerteateret i Bergen. Ho debuterte med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske i 1999. Romanen Mellom oss sagt, kom i 2006, og ho har sidan gitt ut ei essaysamling og fire romanar, derav Gratis og uforpliktande verdivurdering som kom i fjor til stor begeistring frå kritikarar og leserar.

Nina Gromstad

Foto: www.johnbluesband.no

Gromstad har jobba som frilanssongar i mange år, og er frontfigur i jazzkvartetten Lushlife. Ho er også ei av stemmane i Tre Sopranos. I tillegg til å jobbe som songar, er ho aktiv som skodespelar mellom anna i produksjonar ved Teater Ibsen i Skien.

Kari Harneshaug

Foto: Julie Karlgaard

Harneshaug omtales som ei skjult perle i den norske musikksfæra. Ho debuterte til strålande kritikk med Early Morning Memories i 2012, og har sidan gitt ut to album som har fått den same mottakinga.

Ragnar Hovland

Foto: Herborg Pedersen

Er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979, har han utgitt over 50 bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og barn. Han har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen, Brageprisen, Dobloug-prisen og Bastian-prisen.

Mona Høvring

Foto: Agnete Brun

Sidan debuten i 1998 med diktsamlinga IIK!! Ein dialog har prisbelønte Høvring har gitt ut ei rekke diktsamlingar og romanar. I 2012 blei Høvring tildelt Språklig samlings litteraturpris for sin forfattarskap, og ho vart i 2014 nominert til Nordisk Råds litteraturpris for sin tredje roman Camillas lange netter.

Rune Klakegg

Foto: www.runeklakegg.no

Er jazzpianist, tenorsaksofonist og komponist. Han har lang fartstid som musikar, mellom anna frå trioane Fuzzy Logic og Tempus Fugit og er per dags dato aktiv i ulike musikalske samanhengar.

Ruth Lillegraven

Foto: Paal Audestad

Den prisløna poeten, romanforfattaren og dramatikeren har et breitt spekter av skjønnlitterære utgivingar bak seg. Ho debuterte med diktsamlinga Store, stygge dikt i 2005, og har sidan gitt ut fleire diktsamlingar, barnebøker, krim og drama. Den allsidige forfattaren fekk Brageprisen for diktsamlinga Urd i 2013.

Kyrre Laastad

Laastad er ein produsent, lydteknikar og musikar basert i Trondheim. Arbeidet han gjer handlar om lyd og kjem frå ein djup fascinasjon for kva lyd er, og kva den kan gjere med dei som lyttar. Han er aktiv innanfor eit breidt utval av ulike typar musikk, og meiner at sjangrar er meir nyttig som noko ein kan bruke til å sparke ifrå mot enn eit sett med reglar ein må passe seg for å ikkje havne på kant med.

Olaug Nilssen

Foto: Bent R. Synnevåg

Nilssen debuterte som forfattar i 1998, og har sidan den gong gitt ut fleire bøker i ulike sjangre. Det store gjennombrotet kom med romanen Få meg på for faen (2005) som også er filmatisert. Nilssen er husdramatikar på Den Nasjonale Scene i Bergen, har markert seg som ei tydelig samfunnsengasjert stemme i det offentlege ordskiftet og fekk Brageprisen i 2017 for den kritikarroste romanen Tung tids tale (2017).

Agnes Ravatn


Essayisten, journalisten og romanforfattaren Ravatn har markert seg med smarte og vittige tekstar i ulike formar. Ho debuterte med romanen Veke 53 i 2007, og for sin andre roman Fugletribunalet vann ho fleire prisar, deriblant P2-lyttarane sin romanpris. I 2015 stod ho på Morgenbladet si liste over dei 10 beste forfattarane i Noreg under 35 år.

Kaja Schjerven Mollerin

Foto: Julie Pike

Kritikaren, redaktøren og forfattaren Kaja Schjerven Mollerin debuterte som prosaist i 2011 med essayet Seks fot under. Om Hans Herbjørnruds forfatterskap (2011). Sidan har ho gitt ut fleire essays i bokform, og i år kom Historien om mor Godhjerta, boka om Jan Erik Volds ikoniske diktsamling. Schjerven Mollerin er redaksjonsmedlem i tidsskriftet Agora og kritikar i Klassekampen. I 2012 blei ho kåra til årets kritikar. Same år fikk ho Anders Jahres kulturpris.

Cecilie Schilling

Er utdanna innan song, musikk og drama. Ho er frilanssopran, har skrive og medverka i musikkteater for born og delteke i ulike produksjonar ved Teater Ibsen i Skien og Norsk kammeropera i Oslo.

Dei Litterære Festpela blir støtta av