Årsmøtet 2015

Styreleiar Per Olav Kaldestad ynskte velkomen til årsmøtet 2015 med eit tilbakeblikk til etableringa av Norsk Forfattersentrum i 1968. Her kan du lesa heile årsmøtetala.

Årsmøtet for Norsk Forfattersentrum 2015 vart avhalde i Wergelandsalen i Litteraturhuset i Oslo, 17. april kl 18.00. Etter årsmøtet var det middag for alle inviterte.

Per Olav Kaldestad, styreleiar i Norsk Forfattersentrum:

Årsmøtetale 2015

Kjære årsmøte – kjære gjester, medlemmer og tilsette!

Foto: Nina Ruud

Foto: Nina Ruud

Dei som etablerte Norsk Forfattersentrum i 1968 var ei gruppe særleg aktive forfattarar. Ikkje berre skreiv dei sterke bøker, dei hadde òg eit sterkt ønskje om å nå fram til mange med bøkene sine. Dei blei møtte med ein viss skepsis av eldre kollegaer som ikkje såg på formidling som ein viktig del av forfattaryrket – slike haldningar kom òg til uttrykk i styret i Den norske Forfatterforening.

Men grunnleggjarane våre var unge og hadde mot og kraft til å vifta vekk motstanden. Dei var elles medvitne om at dei hadde tida med seg: Innkjøpsordninga for ny norsk litteratur var blitt innført i 1965, og frå starten var det ei sentral målsetting i denne ordninga at bøkene skulle formidlast av folkebiblioteka i samarbeid med forlaga og Norsk kulturråd. Vegen låg såleis frå fyrste stund open for dei forfattarane som ville delta i formidlinga av eigen litteratur. I formålsparagrafen til den nye organisasjonen heiter det at den skal skapa kontakt mellom forfattarar og publikum og ivareta medlemmene sine økonomiske interesser overfor oppdragsgivarar (jf. paragraf 1 i gjeldande lover).

Endå om Norsk Forfattersentrum har blitt utvikla gjennom åra, er identiteten vår framleis knytt til den opphavlege grunnposisjonen: Fyrst og fremst er me ein organisasjon for aktive forfattarar som er villige til å gjera ein formidlingsinnsats og som finn glede og nytte i det. Den viktigaste forskjellen er at me no har enormt mange fleire medlemmer og ein stor administrasjon som arbeider med å skapa kontakt mellom forfattarar og publikum.

Norsk Forfattersentrum ivaretar medlemmene sine økonomiske interesser etter beste evne, både ved fastsetjing av honorar og i samband med kontraktering og fakturering av oppdrag. Men i forhold til Den kulturelle skulesekken opplever me ein aukande frustrasjon over at dagsatsane har stått stille sidan 2012, og dette er ein situasjon me ikkje har makt til å gjera noko med. Me er ikkje med i Kunstnernettverket som har ført forhandlingar med Fylkesnettverket. I Kunstnernettverket er det fagorganisasjonane Den norske Forfatterforening, Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere, Dramatikerforbundet og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening som representerer forfattarane.

Skulesekkoppdrag er ein viktig del av inntektene til norske forfattarar og bør vera eit prioritert område for fagorganisasjonane våre. Dessverre verkar det ikkje som det blir prioritert høgt nok. Dermed har ikkje forfattarane nokon fagorganisasjon som kan ivareta interessene sine godt nok her, slik f.eks. musikarane har. Styret har teke opp problemet med Den norske Forfatterforening og Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere og har kravd sterkare engasjement for å få DKS-forhandlingane i gang igjen.

Dei oppdragstypane som hadde ein betydeleg auke i 2014 var litterær samtale og bokbad. Det tyder på at det blant arrangørar og publikum er ei stor interesse for å få djupare innsyn i god litteratur og den særlege innsikta forfattaren har i å setja ord på verda. Her ligg det eit potensial me bør utvikla vidare.

Årsmelding 2014Folkebiblioteka er ein av våre viktigaste allierte i litteraturformidlinga. Me har dei siste åra hatt eit aukande samarbeid med enkeltbibliotek kringom i landet. Slike samarbeid vil vera eit satsingsområde for oss framover. Me vil vera med på å realisera visjonane i stortingsmeldinga Bibliotek, St.m. 23 2008-9, der me bl.a. kan lesa:

“Spesielt folkebiblioteka er heilt sentrale formidlarar av språklege og litterære uttrykksformer i dagens samfunn. (…) Folkebiblioteka er naturlege og sjølvsagde aktørar i arbeidet med Den kulturelle skulesekken i alle kommunar både som arena for litteraturformidling og som utviklar av ulike tilbod.”

Me har òg tru på at eit tettare organisert samarbeid mellom Den kulturelle skulesekken og folkebiblioteket vil bidra positivt til å sikra at alle elevar får møta eit breitt spektrum av kvalitetslitteratur.

Offensiv litteraturformidling er også den beste strategien for å styrka innkjøpsordningane. Om det blir skapt tilstrekkeleg interesse for den nye litteraturen, vil me svekka grunnlaget for den motstanden mot innkjøpsordningane me har opplevt frå både regjeringshald og frå biblioteksektoren dei siste åra.

Norsk Forfattersentrum omfattar no forfattarar i alle litterære sjangrar og står dermed sterkare enn nokon gong som formidlingsorganisasjon. Me har som mål å setja dagsorden for det offentlege ordskiftet om formidling av litteratur her til lands og å vera i fremste rekkje med å bidra til praktisk gjennomføring av gode formidlingsprosjekt. Ingen har betre føresetnader enn oss for å gjera det: Me representerer den levande litteraturen.

Me må berre trø til!

 

Styret i Norsk Forfattersentrum 2015-2016

Per Olav Kaldestad – leder

Mikkel Bugge – nestleder
Cathrine Strøm (Deichman) – representerer biblioteksektoren
Hanne Bru Gabrielsen – ansattes representant
Espen Haavardsholm – styremedlem
Mads Breckan Claudi (UiO) – representerer utdanningssektoren
Mariangela Cacace Di Fiore – styremedlem
Marte Huke – styremedlem

Maria Parr– varamedlem
Helga Flatland – varamedlem
Irene Gressli Haugen – ansattes vararepresentant

Bilete frå årsmøtet

Berit Hedemann og Jan Kokkin

Berit Hedemann og Jan Kokkin. Foto: Guri Sørumgård Botheim

Terje Torkildsen, Svein Nyhus og Liv Gulbrandsen

Terje Torkildsen, Svein Nyhus og Liv Gulbrandsen. Foto: Guri Sørumgård Botheim

Lena Lindahl og Sunniva Relling Berg. Foto:

Lena Lindahl og Sunniva Relling Berg. Foto: Guri Sørumgård Botheim