Webinar: Kunstnarøkonomi og sjølvmelding

Sjølvmeldinga er rett rundt hjørnet – noko som får kunstnarar rundt om i Noreg til å dra seg i håret. SEANSE - senter for kunstproduksjon kjem med tilbod om hjelp i samarbeid med Norsk Forfattersentrum Midt-Norge. Velkommen til webinaret "Kunstnarøkonomi og sjølvmelding".

Webinar: Kunstnarøkonomi og sjølvmelding

Illustrasjon: Gard Helset

Link til stream:
https://www.facebook.com/SeanseArtCenter/live/

PROGRAM:

KUNSTNARØKONOMI – gode tips ved Knut Alfsen, styreleiar i Norsk Skuespillerforbund.

Korleis kan kunstnarar sikre at dei betalar riktig skatt og samtidig opparbeider seg rettigheiter til sjukepengar, foreldrepengar og pensjon i slike arbeidssituasjonar?

SJØLVMELDING – postar og utfylling ved advokat Harald Breivik.
Han vil gje ein kort presentasjon av regelverk rundt skatt og gjere greie for:

• skillnaden mellom lønnstakar og næringsdrivande
• fradragsmoglegheiter
• moms
• foretaksformer
• næringsoppgåve
• krav til bokføring

OM BIDAGSYTARANE

Knut Alfsen er utdanna dukkespiller. Han har mastergrad i teatervitenskap, og har lang erfaring både som utøver og kulturadministrator; bant anna som kulturhusleiar på Nøtterøy Kulturhus og leiar av Ålesund Teaterfestival.
I dag er Alfsen forbundsleiar i Norsk Skuespillerforbund og dagleg leiar i teateret Levende Dukker AS. Han har lang erfaring i å holde kurs, og i å gi råd om dei spesielle regnskapstekniske utfordringane kunstnarar møter når dei vekslar mellom ei rekke kortvarige jobbar – dels som førebels tilsett og dels som (ufrivillig?) næringsdrivande.

Advokat Harald Breivik har spisskompetanse innanfor skatterett og arbeidsrett er en ettertrakta kurshaldar på området. Dei siste 15 åra har han vore fast kurshaldar for både Regnskap Norge AS og Den norske Revisorforening. Breivik engasjerast også regelmessig som kurshaldar for skattemyndigheitene og har ved fleire anledningar haldt kurs for Norges Kemner- og kommunekassererforbund, for Trondheim kemnerkontor og Skatt Sør og Skatt Øst.

Arrangør: SEANSE - senter for kunstproduksjon
Støtta av: Kulturrådet og Norsk Forfattersentrum Midt-Norge

Webinaret er tilknytt prosjektet LiM - Litteraturformidling som næring i Midt-Norge. Målet med prosjektet er å knyte forfattarar, litteraturformidlarar og arrangørar i regionen tettare til kvarandre og bidra til profesjonalisering. Les meir om prosjektet her: https://forfattersentrum.no/600-000-fra-norsk-kulturrad/

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa