Skrivekurs med Marit Eikemo

Ønsker du tilbakemelding på eigen tekst og inspirasjon til å skrive vidare? Norsk Forfattersentrum og Ordkalotten inviterer til skrivekurs med Marit Eikemo 9.-10. november.

Skrivekurs med Marit Eikemo

Ønsker du tilbakemelding på eigen tekst og inspirasjon til å skrive vidare?  Norsk Forfattersentrum og Ordkalotten inviterer til skrivekurs med Marit Eikemo 9.-10. november.

Eikemo vil snakke om korleis komme i gang med skrivinga, korleis skrive gode scener og karakterar og kva som er ein god dialog.

Kurset går over to dagar med fire timar kvar dag. På kurset vil Eikemo gi tilbakemelding på deltakeranes tekstar i plenum. Deltakarane leverer to-tre sider tekst på førehand – anten dikt, novelle, eller utdrag frå lengre prosatekstar. Tekstane samlast i eit kompendium som deltakarane får utlevert før kurset.

Kurset har femten plassar.

Stad:                   Tromsø bibliotek og byarkivs store møterom

Tid:                      Laurdag 9. november kl. 13.30.17.30 og søndag 10. november, kl.  11.00-15.00

Pris:                    1500/1300 (Medl. Norsk Forfattersentrum eller student)

Påmelding:      innan torsdag 31. oktober til johannes@forfattersentrum.no

Frist for å sende inn tekst:  3. november

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa