Skrivekurs med Bente Bratlund

3 dagars skrivekurs for dei som ynskjer å formidle ei historie eller som arbeider med sjølvbiografiske og biografiske skriveprosjekter, enten det dreier seg om blogg, slektshistorie, eller skriving brukt som terapeutisk verktøy.

Skrivekurs med Bente Bratlund

Bente Bratlund vil fokusere på ulike skriveteknikkar og innfallsvinklar, men vil og leggje vekt på kva det er mogleg å lære om seg sjølv ved å jobbe med livshistoria si.

Kurset vil gå over tre kveldar på Øygardbiblioteka, avdeling Straume, det vil være tilrettelagd for rørslehemma og vil gjennomførast om råda om smittevern til offentlege myndigheiter tillet det.

Bente Bratlund er forfattar med over 70 bøker i ulike genre og ho har lang erfaring som formidlar og skrivekurshaldar.

Datoar: Tysdag 26. oktober, 2. november og 9. november. Alle dagar kl 18.00-21.00

Stad: Øygardsbiblioteka, avdeling Straume, Sartor Storsenter, Sartorvegen 12, 5353 Straume

Pris: kr 1500.-

Påmelding

Påmeldingsfristen gjekk ut i 2021.

Skrivekurset arrangeres av Norsk Forfattersentrum Vestlandet i samarbeid med Øygardsbiblioteka og er støtta av Øygarden kommune

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa