Podkasting – frå idé til publisering

Få fram journalistspira i deg gjennom eigen podkast!

Tredagerskurs i journalistiske teknikkar, medieplattformar, produksjon og intervju. Brit Aksnes vil gjennomgå journalistiske vinklingar, opptaksutstyr og lyddesign. Med seg har ho Stig Lundblad-Sandbakk (lydteknikar) og AK Glück-Teigland (som har podkasten Hardingprat), som saman med Aksnes lærer dei unge opp i formidling, miksing og publisering på ulike medieplattformar.

 

Deltakarane får prøva seg som intervjuarar, både i studio og i felten. Dei får prøva seg med proft utstyr samt får sjå kva overkomelege tekniske løysingar dei sjølve har råd til. Ein skal læra seg forskjellen på god og dårleg lyd, men det viktigaste er uansett kva tema ein brenn for!

 

Tidspunkt: 2., 3. og 4. august kl. 11.00-15.00

Sted: Litteraturhuset i Bergen

For ungdom i alderen 13 – 16 år

Påmelding

Ditt navn (obligatorisk)

E-post (obligatorisk)

Navn og epostadresse til deltaker (obligatorisk)

Alder til deltaker (obligatorisk)

Telefonnummer til deltaker (obligatorisk)

Har du spørsmål?

Les mer om Aktiv sommer i Bergen kommune her

Bilde: Bergen kommune / Skipnes kommunikasjon