Kurs i essayskriving med Marit Eikemo

På dette skrivekurset vil Marit Eikemo vise kva for slags litterære og språklege verkemiddel som skal til for å skrive eit vellykka essay.

Marit Eikemo er forfattar frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør, leiar for Cornerteatret i Bergen, programsjef for Norsk Litteraturfestival og er no kunstarleg produsent forteljekunstakademiet og Fest i Fjaler.

Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut seks romanar, den seinaste er Team Tuva (2021). Ho har også skrive essayboka Samtidsruinar.

Bøkene hennar er smarte og underhaldande, og har imponert kritikarar og publikum med presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018. I 2019 mottok ho Samlagsprisen.

Kursdatoar: Måndag 20. og tysdag 21. februar kl 18.00-21.00
Pris: kr 2 000.-
Stad: Norsk Forfattersentrum sine lokaler i fjerde etasje på Litteraturhuset i Bergen, Østre Skostredet 5-7 5017 Bergen

 

Påmelding

Ditt navn (obligatorisk)

E-post (obligatorisk)

Navn og epostadresse til deltaker (obligatorisk)

Telefonnummer til deltaker (obligatorisk)

Fakturaadresse (obligatorisk)

Har du spørsmål?