Dei Litterære Festspela – Stemmer

Dei Litterære Festspela opnar med presentasjon og visning av filmen Pipene ved Kristian Pedersen. Så vil Festspeldiktaren Øyvind Rimbereid presentere gode forfattarkollegaer. Opplesingar ved Tom Leonard (GB), Paal-Helge Haugen, Anne Helene Guddal, Arild Rein, Mansur Rajih og Maria Navarro Skaranger.

Presentasjon og visning av filmen Pipene, ved Kristian Pedersen.

The Pipes from Gasspedal Animert on Vimeo.

 

Festspeldiktaren presenterer gode forfatterkollegaer.

Tom LeonardTom Leonard (1944) fekk sitt litterære gjennombrot med diktsamlinga Glasgow poems i 1976. Diktsamlinga blei toneangjevande for ein generasjon unge, skotske poetar. Seinare gav han ut Intimate voices, der han insisterte på verdien av lokale språk og dialektar, og angreip det britiske synet på standard engelsk som det dominerande standardspråket. Intimate voices blei kåra til Scottish Book of the year i 1984, men blei likevel ikkje kjøpt inn av skotske skulebibliotek på grunn av “upassande språkbruk”.

‘right enuff
ma language is disgraceful

ach well
all livin language is sacred
fuck thi lohta thim’

(1984)

Foto: Gerald Zörner

Foto: Gerald Zörner

Paal-Helge Haugen (1945) – er forfattar og dramatikar. Han var ein del av Profil-krinsen på sekstitalet, og etter å ha gjendikta kinesisk poesi til norsk, debuterte han med eigne dikt i 1967. Den mest kjende boka frå den første tida hans som forfattar, er den nyskapande punktromanen Anne frå 1968. Paal Helge Haugen har studert medisin ved UiO og teater og film i USA, han har jobba med tv og film og han har undervist. Haugen har også i mange samanhengar valt å bruke musikk som uttrykksform for sin poesi, i staden for bokformatet. Han har alltid vore oppteken av norske eventyrtradisjonar og det religiøse språket i si dikting, noko som også kjem til uttrykk i storverket Kvartett 2008, der dikta refererer både til Det Gamle Testamentet og til Dantes Guddommelege komedie.

Foto: Mathias Danbolt

Foto: Mathias Danbolt

Anne Helene Guddal (1982) brakdebuterte som forfattar i 2014 med diktsamlinga Også det uforsonlige finnes, ei bok som fekk ei uvanleg varm mottaking frå lesarar og kritikarar, og som blei nominert til Tarjei Vesaas debutantpris. Guddal er også redaksjonsmedlem i Vagant og jobbar som stipendiat på Universitetet i Bergen med ei avhandling om holocaust i samtidslitteraturen.

 

Arild Rein Foto Asbjørn Jensen

Foto: Asbjørn Jensen

Arild Rein (1960) er frå Stavanger. Han er forfattaren av Stavangertrilogien med bøkene Hundedagane, Grisekoret og Kaninbyen. Rein er kjend for sin sosialrealistiske, hardkokte stil. Gjennom å skildre Stavanger i perioden frå 1970-åra til 2004, då oljeindustrien forandra byen, set han lys på trekk ved det norske samfunnet så vel som det moderne mennesket. Menneskeleg fornedring, utnytting, manipulasjon, psykopati og umetteleg eigeninteresse er viktige stikkord, og blir hos Rein fortalt med usminka råskap. Han er kåra til Stavanger Europeiske Kulturbys forfattar av innbyggjarane i byen, og har mottatt Sigmund Skard-stipendet og Rogaland Fylkeskommune sitt kulturstipend.

 

Foto: Signe Christine Urdal

Foto: Signe Christine Urdal

Mansur Rajih (1958) er frå Jemen, men bur no i Stavanger. Som ung var han president for den jemenske Studentunionen og eit framskote medlem av Den Nasjonale Demokratiske Front, det viktigaste opposisjonspartiet i Jemen. To dagar etter at han hadde gifta seg i 1983 vart han arrestert av dei nasjonale sikkerhetsstyrkane, og det vart fabrikert ein tiltale mot han for mord. Mansur Raijh sat fengsla i femten år, før eit langvarig internasjonalt press førte til at han blei sett fri. Dikta hans blei smugla ut av fengselet og trykt i aviser over heile den arabiske verda. Dikta er gjendikta av Tor Obrestad.

 

Foto: Pernille Marie Walvik

Foto: Pernille Marie Walvik

Maria Navarro Skaranger (1994) kjem frå Romsås i Oslo, og debuterte i år med romanen Alle utlendinger har lukka gardiner. Romanen er skrive på multietnolekt, og har fått gode meldingar og stor merksemd i norske media. Boka var seld til Danmark før ho kom ut på norsk.

 

 

Billetter kr 130/100 (student/honnør)

Billettsal hjå Norli Galleriet, tlf: 97478241 eller e-post: galleriet@norli.no

Norli sel forfattaranes bøker under arrangementa.

Dei Litterære Festspela er støtta av:

logo norliGyldendal_logoscandicbergen kommune fritt ord

 

 

 

Fredag 22. mai, Olav H. Hauge, Litteraturhuset i Bergen, Østre Skostredet 5-7

kart