Bok&Bar med Frode Grytten, Reidun Elise Foldøy, Sivert Nesbø og Eli Fossdal Vaage

Hausten er her med nye regnrekordar og forfattarane er ute med nye bøker. Velkommen til ein kveld med litterære samtalar og opplesingar hos Norli Strandgaten.

 

Frode Grytten
Gut, jente, juni, juli
«Eg står heilt framme på stupebrettet, ser vassflata under meg, kan sjå botnen av bassenget. Trådar av lys vrir og vender på seg i vatnet. Eg kjenner meg svimmel og kortpusta. Kvar muskel er spent. Så kastar eg meg ut og forsvinn inn i denne eksplosjonen av lysande partiklar.»

Stupe uti fjord og tjern. Hoppe frå kai og svaberg. Bombe uti naboens basseng. Falle baklengs inn i det blå. Vasse i Atlanterhavet. Svømme i Folkebadet. Bade i Bandak og Sitges og Las Palmas.

I desse tolv sommarnovellene kastar gutar og jenter, menn og kvinner, seg i vatnet for å kjøle seg ned, bare for å oppdage at hovudet framleis kokar av lyst og frykt.

Reidun Elise Foldøy
Vridd
Boka handlar om barnet Hjørdis, som er fødd med klumpfot, og om mora hennar, ei aleinemor, som livnærer seg som gravferdsmusikar. Hjørdis sin far er ein abstrakt figur i barnets bevisstheit, og finst berre som eit avisutklipp.

Mor og dotter saknar kvarandre enormt under sjukehusopphalda, men gjennom draumar, fantasi og førestillingar, lever dei eit rikt liv i gjenskinnet av kvarandre.

Dette er ein roman som handlar om å finne plassen sin i verda. Å få vera den ein er, på trass av stigma, avgrensingar og eit ønske frå omverda om å ha defineringsmakt. Ein roman der kjærleiken, kunsten, vennskapen og den ikkje-fysiske livsutfaldinga, står i sterk kontrast til eit stivbeint og innskrenka rørslerom i instituasjonane og i samfunnet.

Sivert N. Nesbø
Varme og Vatn
Boka er eit konsentrert erkjenningsarbeid rundt stilla og saknet som kan finnast i eit ungt menneske.

I romanen følgjer vi fjorten år gamle Lars nokre veker på seinsommaren. Han er spørjande og vár for omgjevnadane, og freistar heile tida å forstå kva det er som rører seg rundt han, og tilpasse sine eigne dragnadar til familien og andre. Sentralt i boka står Lars sine erkjenningar av korleis det verande kjem til syne og korleis ein skal forhalde seg til alt det som finst rundt ein.

Varme og vatn er ein roman med ein særeigen skrifttone og stemning, der store djupner ligg under overflata.

 

Eli Fossdal Vaage
Grå Hoppe
Ein mann vert kontakta av sin avlidne ven hunden. Ein litteraturprofessor har slutta å lese. Eit ungt par kjem heim frå sjukehuset med den nyfødde babyen sin, og anar ikkje kva det no er meininga dei skal gjere. Ei kvinne greier ikkje følgje med på det sambuaren seier, fordi ho er for oppslukt med å vurdere teksturen av dei ulike møblane deira mot naken hud.

Med humor og alvor skriv Vaage tekstar om nære relasjonar, kjærleik og seksualitet, om menneske på randen av ørsmå eller kolossale innsikter, som slit like mykje med å leve som å dø.

 

Arrangementet er gratis og vert leia av Brit Aksnes.
Norli Strandgaten, torsdag 11. november kl 20.00