600 000 kroner til arrangrørar frå medlemsfondet i 2021

Styret i medlemsfondet har gjennomført årets siste møte, og deler no ut nærmare ein kvart million kroner til litterære arrangement. Totalt har medlemsfondet delt ut over 600 000 kroner i 2021.

Norsk Forfattersentrums medlemsfond har som formål å støtte «tiltak som kommer medlemmene av Norsk Forfattersentrum til gode». I dei fleste tilfelle går pengane til å hjelpe arrangørane med å honorere forfattarar anstendig.

Fondet har søknadsfrist tre gonger i året (15. februar, 15. mai og 15. september), og etter å ha gått gjennom årets september-søknader deler fondsstyret no ut 244 000 kroner fordelt på 23 søkarar.

Festivalsjef Peter F. Strassegger (t.v.) saman med Siri Kvamme og Lars Ove Seljestad på scena under den første utgåva av Jorddøgn som fekk støtte av medlemsfondet i 2021.

Diktkammer og jordbruksfestival

Blant arrangementa som har fått søtte i denne omgang, er Bokdager på Nansenskolen, Nordisk poesifestival på Hamar og ein sakprosafestival i regi av Øyo-biblioteket – «en frivillig og ideell forening i Haugesund som setter søkelys på bøker og forfattere som tar opp viktige samtidspørsmål». Tidllegare i år har også blant anna Helge Torvunds Diktkammeret og den nye litteratur- og jordbruksfestivalen Jorddøgn på Bryne fått pengar frå fondet.

Samtlege av årets tildelingar, finn du her! 

Søk støtte til arrangement

Neste søknadsfrist er 15. februar 2022. Både medlemmer og oppdragsgivarar kan søke om støtte. Størrelsen på støtta har dei siste åra lagt på mellom 3000 og 25 000 kroner avhengig av prosjekttype og kor mange Forfattersentrum-medlemmer som er involvert.

Du kan lese meir om retningslinjene fondsstyret tar utgangspunkt i når dei vel ut kven som får støtte her, og sende inn søknad her.